– Slakteriskip kan bryte laksenæringas samfunnskontrakt

MODERNE: Verksemda Slakteriet i Florø har stor del utanlandsk arbeidskraft. – På Slakteriet er dei moderne og profesjonelle. Slik burde fleire drive, seier Reidar Sandal. Arkiv

MODERNE: Verksemda Slakteriet i Florø har stor del utanlandsk arbeidskraft. – På Slakteriet er dei moderne og profesjonelle. Slik burde fleire drive, seier Reidar Sandal. Arkiv

Sjølv om det gir god bedriftsøkonomi, kan prisen for å tillate slakteriskip bli brot på "samfunnskontrakten" mellom laksenæringa og kystkommunane.

DEL

Det seier økonomiprofessor Ragnar Tveterås ved Universitetet i Stavanger til Fiskeribladet. 

Han understrekar at han berre kjenner slakteskipkonseptet frå media.

– Men eg er sikker på at nokon har rekna godt på det og funne at det er lønsamt. Prisen kan likevel bli høg for lakseoppdrettsnæringa siden det kan føre til et brot på "samfunnskontrakten" næringa har med kystkommunane og dei små kystsamfunna, seier Tveterås til Fiskeribladet.

Leiar for Nettverk for Fjord og Kystkommunar, Ole Haugen (Ap), er ikkje i tvil.

– Eg trur du skal leite lenge etter nokon på kysten som har aksept og forståing for slaktebåtar.

Spørsmålet er i kva grad kommunane ønsker å bruke meir ressursar for å legge til rette for ei næring som flyttar distriktsarbeidsplassane til landindustrien i Danmark.

Det første slakteriskipet i sitt slag, Norwegian Gannet, er no klar til oppdrag. Dette er eit flytande slakteri, som handterer fisken om bord og går rett til Danmark og leverer den til vidareforedling innanfor EU sine grenser. Konsekvensen kan bli tap av arbeidsplassar i landindustrien på kysten og ei styrking av foredlingsindustrien i Danmark.

Eigar Hav Line meiner at konseptet har ein god klimaprofil: At båten «fjernar» 200 vogntog frå vegane kvar veke. Selskapet meiner det fører til nesten ei halvering av klimautsleppa samanlikna med dagens modell for slakting og transport av fisk. 

I prinsippet kan slakteriarbeidsplassane framleis vere norske, dersom arbeidarane og eigaren av slakteriskipet held fram med å vere norske.

Artikkeltags