Næringslivet har vakna – dei vil ha kystkommunen

Av

Selje, Vågsøy, Bremanger og Flora er den naturlege eininga på kysten, meiner eit samla næringsliv.

DEL

Supertilbod: 5 kr for alt innhald på nett i 5 veker

– Vi må erkjenne at vi som driv næring ikkje har engasjert oss nok politisk. No har vi vakna, og ser at vi må meir på bana og uttale oss om kva vi meiner er best for vår region, seier Trond-Inge Kvernevik til Firda.

Han representerte næringslivet i Selje under eit møte mellom 35 næringslivsaktørar frå Flora, Bremanger, Vågsøy og Selje på måndag.

Les også: Fylkesmannen har bestemt seg

Det næringslivet har vakna til, er ei stor samanslåing i indre Sunnfjord, at Fylkesmannen vil tvinge saman kommunar i Sogn, og at Selje kan ende opp med å gå saman med Eid. Kysten har ikkje fått til det næringslivet meiner dei burde få til. Dei ønsker ein kystkommune som kan jobbe saman om å auke verdiskapinga i området, og særleg frå havrommet.

Før Fylkesmannen la fram si siste tilråding i dag, var frykta stor for at Vågsøy skulle tvingast saman med Selje og Eid. Det hende ikkje. Dersom kommunestyret i Selje seier nei til Eid 26. januar, er det framleis ein sjanse for at Selje og Vågsøy blir sett saman. Då kan dei to bli den første byggesteinen i ein framtidig kystkommune.

– Ønsker næringslivet at Selje seier nei til Eid?

– Eg kan ikkje uttale meg på vegner av heile næringslivet i Selje, men vi har mange med oss på dagens møte som har gitt eit klart signal om kva vi meiner er best for regionen, seier Kvernevik.

Naturleg område

Sverre Søraa, som representerte næringslivet i Vågsøy, er glad for at Vågsøy står fritt til å følge opp draumen om kysten.

– Det viser at vi har ein Fylkesmann som er framtidsretta, og som ser på kulturen og tradisjonane som pregar ulike delar av fylket. Eg er imponert over hennar resonnement i dag, seier Søraa.

Søraa meiner dei fire kommunane har eit enormt potensial til å utvikle dei maritime næringane, og han er tydeleg på at kommunegrenser og felles innsats er avgjerande for å utløyse potensialet. Det er særleg samarbeid om infrastruktur og kommunale tenester næringslivet meiner trengst for å lage betre rammer for vekst.

– Det er viktig at vi får ein konstellasjon som er slagkraftig nok. Ein slik kystkommune vil utgjere nær ein fjerdedel av folk i Sogn og Fjordane, med det grunnlaget meiner vi at vi skal kunne lage flest nye arbeidsplassar, seier Søraa.

Til no er det i hovudsak Bremanger som er bremseklossen i kystkommunen, men også dei som representerte næringslivet i Bremanger har stilt seg bak kravet.

– Det er slåande at vi i løpet av eit kort møte greidde å samle oss om ei liste utan særleg kontrovers. Det trur eg viser at dei fire kommunane er eit naturleg område for den prosessen vi skildrar, seier Kvernevik.

Dette meiner næringslivet

Punkta er henta dokumentet som næringslivet vedtok måndag ettermiddag. Dei peikar på kva som skal til for å få ei vellykka samanslåing på kysten.

  1. Nær ein fjerdedel av innbyggartalet i Sogn og Fjordane sikrar den nye kommunen posisjon som ein maktfaktor i forvaltningsstrukturen i fylket. Også i ei eventuelt ny og større fylkessamanslåing på kysten.
  2. Ei samla satsing på Florø Lufthamn vil sikre den nye kommunen eit framtidsretta tilbod med god regularitet.
  3. Ei felles satsing på Stad Skipstunnel sikrar vidareutvikling av nye næringar frå Florø til Ålesund.
  4. Ei felles satsing på 45-minuttsregionen vil sikre gode kommunikasjonar internt i kommunen, og skape ein felles bu- og arbeidsregion.
  5. Næringslivet er trygge på at dei, gjennom eit felles utviklingsselskap, kan skape nye arbeidsplassar meir effektivt utan avgrensingane som ligg i dei gamle kommunegrensene.
  6. Næringslivsgrupperinga legg til grunn at ei ny stor kystkommune i økonomisk vekst, skal ha ein slagkraftig offentleg sektor med eit styrka lokalt tilbod innan helse/omsorg og utdanning.
  7. Ei ny storkommune, som skapar store verdiar for fellesskapet frå moglegheitene som ligg i havrommet, vil stille sterkt i framtidig fordeling av relevante statlege arbeidsplassar.

Vidare meiner næringslivet at desse punkta gir grunnlag for samarbeid og vekst.

Kommunen:

  • får ei av Norges største hamner
  • vil vere globalt leiande innan pelagisk industri og havbruk
  • får ei av Norges sterkaste klynger av verftsindustri
  • kan få ei auka satsing på kystturisme
  • kan få ei styrka satsing på nye teknologiske næringar og det grøne skiftet

Artikkeltags