Anders Ole Sunnarvik hadde det overordna ansvaret for innsamlingsaksjonen i Flora. Han seier at resultatet for Flora si del er omtrent på det jamne.

– Vi er ikkje heilt oppe på toppnivået frå 2014, men med bidraga som kjem på Vipps som vi ikkje har heilt oversikt over enno, kan det vere vi begynner å nærme oss. Elles ligg vi om lag heilt likt med 2015, og vi har gjort det betre enn i 2015 og 2016.

I skrivande stund viser tala frå Nyhetsgrafikk at innbyggarane i Flora totalt har samla inn 516 898 kroner, eller 43,11 pr. hovud. Bremanger stilte opp med 205 271 kroner, noko som tilseier 54,5 pr. hovud. At gjennomsnittstalet er lågare i dei større kommunane er ikkje unaturleg seier Sunnarvik, som vil takke dei som var med og bidrog.

– Eg må takke dei som var ute i grisevêret. I øyane, der vi fekk sendt ut bøssene med båt. I Eikefjord, og i sentrum. Dei gjorde ein fenomenal innsats. Tilbakemeldingane er at dei blei tatt godt i mot over alt der dei kom.