No har nettsidene til alle dei vidaregåande skulane i fylket fått ein eigen mobbeknapp

MOBBEKNAPP: Alle dei vidaregåande skulene i fylket har no fått ein eigen mobbeknapp på heimesida si, som her på Flora vidaregåande skule si side.

MOBBEKNAPP: Alle dei vidaregåande skulene i fylket har no fått ein eigen mobbeknapp på heimesida si, som her på Flora vidaregåande skule si side. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Ein mobbeknapp på nettet skal gjere det lettare å melde frå.

DEL

Det er nulltoleranse mot mobbing, vald og diskriminering i den vidaregåande skulen i Sogn og Fjordane. No er det enklare enn nokon gong å seie i frå, og det gjennom ein eigen meldeknapp. På nettsidene til alle dei vidaregande skulane i fylket finn ein no ein slik knapp, der ein med eit tastetrykk kan varsle dersom ein elev ikkje har det bra på skulen.

Låg terskel

Nulltoleransen gjeld krenkingar ein opplever sjølv eller ser at andre blir utsett for, som mobbing, vald, trakassering og diskriminering.

– Terskelen for å melde frå skal være så låg som mogleg, og vi håpar meldeknappen kan gjere det endå enklare for fleire å bidra. Vi vil at alle skal ha eit godt læremiljø, seier leiar i hovudutval for opplæring, Karianne Torvanger, i ei pressemelding.

No kan det meldast frå kor tid som helst, og utan å måtte oppsøke eit kontor på skulen.

– For å kunne ta tak i mobbing, er vi avhengige av å vite om det. Mange ungdommar opplever nok at det ikkje er så lett å melde frå om vonde ting, enten ein vert mobba eller er utilpass sjølv, eller om ein ser at andre er plaga, seier ho.

Terskelen for å melde frå skal være så låg som mogleg, og vi håpar meldeknappen kan gjere det endå enklare for fleire å bidra.

Helse, trivsel og læring

Fylkestinget gjorde vedtak om meldeknappen i april i år: «Det skal opprettast ein «mobbeknapp» på heimesida til alle dei vidaregåande skulane, som eit lågterskeltilbod for å melde om mobbing.»

Bakgrunnen er endringar i opplæringslova §9A, som gjer at skulane har eit større ansvar for å sikre alle elevar eit trygt og godt skulemiljø som fremjar helse, trivsel og læring.

Rektor Knut Chr. Clausen ved Flora vidaregåande skule meiner dette er eit godt tiltak.

– Eg synest at alle tiltak som gjer det lettare for ungdom å seie frå når dei ikkje har det trygt og godt på skulen, er ein god ting. Det er mykje betre at vi får melding om det som dei måtte oppleve, og så kan vi snakke med dei etterpå og finne hensiktsmessige måter løyse problemet på i lag med eleven, seier Clausen til Firdaposten.

Også pårørande blir informert om meldeknappen. Bak denne er det eit skjema som blir sendt til skuleleiinga. Her vert det også peika på at ingen utanfor skulen si leiing får vite om meldinga, og at informasjonen vert handsama konfidensielt.

Artikkeltags