– Vi er mange unge som har opplevd kreft i nær familie

AKSJONSLEIARANE: Lea Tatabod Jansen (3stb) og Frida Gjøringbø (3stb).

AKSJONSLEIARANE: Lea Tatabod Jansen (3stb) og Frida Gjøringbø (3stb). Foto:

FLORØ: Florørussen samlar søndag inn pengar til kreftsaka.

DEL

Søndag 17. mars klokka 17.30 går russen med bøsser frå dør til dør i Florø. Dei samlar inn pengar til Krafttak mot kreft.

– Vi og andre på trinnet vårt har opplevd kreft i nær familie, så dette er noko vi brenn veldig for. Vi ønsker å støtte kreftsaka og vise at vi bryr oss. I år går pengane til forsking på krefttypar som få overlever, seier aksjonsleiarane Lea Jansen (18) og Frida Gjøringbø (19) ved Flora vidaregåande skule.

Dei er allereie godt i gang med innsamlinga. I oktober og november arrangerte dei rosa dag og blå dag, til støtte for høvesvis brystkreftsaka og prostatakreftsaka. Kakesalet under desse arrangementa tente dei nokre tusen kroner på.

Målet er å samle inn over 114.000 kroner.

– Så vi håper folk tar oss vel mot når vi kjem på døra, seier aksjonsleiarane.

ROSA: Frå Rosa sløyfe-aksjonen ved Flora vidaregåande.

ROSA: Frå Rosa sløyfe-aksjonen ved Flora vidaregåande. Foto:

Artikkeltags