Elevar frå Flora vidaregåande skule fekk møte dronninga

Delegasjonen frå Florø vgs som fekk møte dronninga. Frå venstre mot høgre: Synne Søvik, Frida Waaraa, Monday Solo, læraren Ingunn Selaas, og til slutt ein av deltakarane i gruppa som blei trimigrert,som vi ikkje har namnet på.

Delegasjonen frå Florø vgs som fekk møte dronninga. Frå venstre mot høgre: Synne Søvik, Frida Waaraa, Monday Solo, læraren Ingunn Selaas, og til slutt ein av deltakarane i gruppa som blei trimigrert,som vi ikkje har namnet på. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Synne Søvik, Frida Waaraa, Monday Solo og læraren deira fekk møte sjølvaste dronning Sonja i Fjaler denne veka. Det var stort.

DEL

United World College (UWC) i Fjaler er eit av dronning Sonjas hjartebarn. Denne veka besøkte ho skulen for tiande gong, der ho hadde eit tettpakka program. På programmet sto omvising, kunstutstilling med verk av elevane, og historier frå barn og unge som er på rehabilitering på Hauglandssenteret. Festkveld med matopplevingar frå heile verda, laga av elevane sjølve, og til slutt ein avslutningskonsert der elevane viste fram musikalske og kunstneriske innslag. Korsong, dikt, dans og musikk framført på ei rekke instrument imponerte dronninga skriv NRK.

I det tette programmet under besøket i Fjaler var det også lagt inn tid der vidaregåande skular i fylket kunne presentere prosjekt med internasjonalt snitt for dronninga. Her var Flora VGS representert, både med Malawi-prosjektet, og det so kalla Trimigreringsprosjektet. Sistnemnde fekk også æra av å helse på dronninga personleg.

– Det var veldig stort, seier Synne Søvik. Ei av dei heldige elevane som fekk vere med til Fjaler.

– Vi fekk ein gruppe som vi skulle trene, for å demonstrere kva Trimigrering er for noko. Det var masse folk, og veldig gøy.

Trimigrering er ei ungdomsbedrift som tredjeklassingane på Flora vgs. driv. I samarbeid med frivilligsentralen driv dei eit treningstilbod for innvandrarar i Flora kommune. Dette meiner dei kan sikre god integrering. Særskilt innvandrarkvinner er ofte lite i fysisk aktivitet, og har stor nytte av eit slikt opplegg. Og dronninga likte det ho fekk sjå.

– Ho sa at ho syntest det var eit bra og positivt prosjekt, det verka som ho likte det.

– Korleis var det å snakke med dronninga? Vart de drilla på førehand i korleis de skulle te dykk?

– Ho var veldig smilande og grei og snill. Vi blei fortalt at vi ikkje skulle seie «du» til ho, men tiltale ho som «dronninga» eller «deres majestet», og det klarte vi fint.

– Skal vi seie noko om hatten hennar? Var ikkje den litt rar?

– Hahaha, jo den var litt rar. Det snakka vi om etterpå!

Artikkeltags