Vil du ha fleire med deg på yndlingsturen din? Då vil turlaget høyre frå deg.

På Hovden kan ein gå ei godt merka Nordsjøløype langs vestsida av øya frå Barekstad, innom Kvanhovden fyr og til Hovdevåg. Kvart år arrangerer grendelaget på øya Hovdendagen i samarbeid med Flora Turlag.

På Hovden kan ein gå ei godt merka Nordsjøløype langs vestsida av øya frå Barekstad, innom Kvanhovden fyr og til Hovdevåg. Kvart år arrangerer grendelaget på øya Hovdendagen i samarbeid med Flora Turlag. Foto:

FOLKEHELSE: No skal neste års turprogram leggast.

DEL

Flora Turlag er eit aktivt turlag, med mange turar for veka i sesongen. Dei er både korte og lange, og målet er at flest mogleg skal kjenne på gleda ved å vere ute og røre på seg.

No skal programmet for neste sesong leggast, og då er dei interesserte i innspel frå brukarane – deg og meg. Har du ein tur i ditt nærmiljø som du er ekstra glad i – eit område som du gjerne ville vist fram til fleire? Då kan du seie frå til turlaget. Det kan vere ein heilt ny tur, eller ein som har stått på programmet tidlegare, og som du vil ha fram i lyset igjen. Eller det kan vere ein tematur – då må du gjerne ha med tips om kjentmann eller -kvinne. Det kan vere korte turar som eignar seg midt i veka, og det kan vere lengre turar som går i helga – i heile teke, turar av alle slags vanskegrader og lengder.

Dei har sett fristen for tilbakemelding til 25. oktober, og har du eit forslag, sender du det til astrid.eliassen@heimtun.org, eller til anders.myklebust@westcon.no.

Artikkeltags