Fleire barn i Flora treng juleglede frå Røde Kors

Stort behov: Bente Nilsen ser både som leiar av Flora Røde Kors omsorg og som leiar av Flora Frivilligsentral at det er eit stort behov for ekstra økonomisk hjelp til barnefamiliar med låg inntekt. Både julegledene frå Røde Kors og potten på 400.000 kroner til å dekke fritidstilbod har fått bein å gå på. foto: liv standal

Stort behov: Bente Nilsen ser både som leiar av Flora Røde Kors omsorg og som leiar av Flora Frivilligsentral at det er eit stort behov for ekstra økonomisk hjelp til barnefamiliar med låg inntekt. Både julegledene frå Røde Kors og potten på 400.000 kroner til å dekke fritidstilbod har fått bein å gå på. foto: liv standal

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: I år deler Røde Kors ut fleire «julegleder» enn dei gjorde i fjor, fortel Bente Nilsen.

DEL

Nilsen er leiar i Flora Røde Kors omsorg, og ho fortel at talet i fjor var rundt 200, medan ho i år må opp i 220.

– Glade for hjelp

Ei «juleglede» i denne samanhengen er eit gåvekort på 400 kroner, som vert delt ut som julegåve til barn i familiar med lite å rutte med. Summen er såpass høgt fordi ein ønsker at ein skal få noko skikkeleg for pengane, forklarar Nilsen.

Vi er veldig glade for å få hjelp til å finne dei barna som treng det mest, for det greier vi ikkje sjølve.

Bente Nilsen, leiar Flora Røde Kors omsorg

– Vi merkar at tenestene til kommunen er veldig «på». Eg sende ut ein førespurnad for ein månad sidan for å få oversikt over kor mange som har behov for ei ekstra julegåve til barna, fortel Nilsen.

Røde Kors får innspel frå NAV, tenesta for barn og unge, innvandrarsenteret, Krisesenteret og helsestasjon på kven som har bruk for denne ekstra gåva.

– Noko vi også har sett no, er at nokre har komme direkte til oss – ikkje mange, men vi får til dømes tilbakemelding frå barnehagar. Vi synest det er flott at dei er obs på tilbodet og orienterer foreldre om at det finst, konstaterer Nilsen, og legg til:

– Vi er veldig glade for at vi får hjelp til å finne dei barna som treng dette mest, for det greier vi ikkje på eiga hand.

Flora under landssnittet

Nilsen trur behovet for ekstra julegåver til barn som lever i låginntektsfamiliar er aukande.

– Som frivillig i Røde Kors ser vi at talet på barn som får julegleder aukar år for år. Det som vert sagt nasjonalt om at barnefattigdom aukar, gjeld også her, seier ho.

Det finst ingen offentleg «fattigdomsstatistikk» i Norge, men Barne-, ungdoms- og familiedirektoratet (BUFDIR) har tal som viser kor mange familiar som vert rekna som låginntektsfamiliar. Ser vi på desse tala, veks kvart tiande barn i Norge opp i ei låginntektsfamilie. For Flora er dette talet 8,3 prosent, altså litt under landsgjennomsnittet, medan Bremanger ligg på 11, 8 prosent, altså litt over.

Generelt ser ein eit behov for at barn frå låginntektsfamiliar får tilgang til fritidsaktivitetar året gjennom. Potten på 400.000 kroner som Flora kommune ved Frivillighetssentralen fekk til dette formålet for 2017, er brukt opp.

– Eit lågterskel tilbod som til dømes gratis kino har fått for fulle hus gjennom heile året. Så behovet er der absolutt, seier Bente Nilsen.

Rakel Nygård ved NAV Flora seier på generelt grunnlag at ein går ut frå dei nasjonale retningslinjene for økonomisk stønad, men at det blir gjort ei individuell vurdering i kvart tilfelle.

I desse retningslinjene for 2017 står det at eit ektepar/sambuarpar skal ha 9950 kroner i månaden til livsopphald, med eit tillegg på 2300 kroner per barn opp til 5 år, 3000 kroner per barn opp til 10 år, og 3900 kroner per barn opp til 17 år.

Artikkeltags