Flora og Bremanger får milliontilskot

Statsminister Jens Stoltenberg og samferdsleminister Liv Signe Navarsete

Statsminister Jens Stoltenberg og samferdsleminister Liv Signe Navarsete

Artikkelen er over 10 år gammel

Kommunane får milliondryss frå Regjeringa sin krisepakke. Sjå kva Flora og Bremanger får!

DEL

Det er frå Regjeringa si side lagt opp til tre ulike tilskot til kommunane i krisepakken som kom i dag; vedlikehaldstilskot, auke i frie inntekter og kompensasjon for forventa skattesvikt.

Totalt betyr desse tilskota over 12,5 millionar kroner til Flora kommune og Bremanger 4,7 millionar kroner.

Kommunane i Sogn og Fjordane får totalt 71,3 millionar i såkalla vedlikehaldstilskot, som skal gå til prosjekt i dei ulike kommunane.

Flora kommune får 7,670 millionar kroner av desse midlane, medan Bremanger kommune får 2,616 millionar kroner.

Flora får også 2,409 millionar kroner ekstra i frie inntekter, medan Bremanger får 1,052 millionar kroner. Totalt får kommunane i fylket 24,2 mill. i frie inntekter frå denne pakken.

I tillegg vert det delt ut eit tredje tilskot, "kompensasjon for forventa skattesvikt".

Her får Flora kommune 2,535 milionar kroner og Bremanger 1,107 mill. Fylket samla får 25,7 millionar kroner.

Vedlikehaldstilskotet blir fordelt etter folketal, og dei to andre tilskota etter ein kostnadsnøkkel.

Les meir om krisepakken: Ikkje pengar til veg i Flora og Bremanger

Meir pengar til sjukeheimar og sjukehus

Skattelette for næringslivet

Artikkeltags