Sjå video: Kulturskulen øver til vårkonserten

    KULTUR: Flora kulturskule utmerker seg med både høg kvalitet og høgt aktivitetsnivå for tida. Fredag byr dei inn til vårkonsert.

    DEL

    I storsalen på Flora Samfunnshus har det vore hektisk aktivitet denne veka. Fredag er det nemleg klart for kulturskulens vårkonsert, og med unntak av tysdag har det vore øving kvar dag. Torgeir Halvorsen er inspektør, musikklærar og dirigent. Torsdag ettermiddag seier han til Firdaposten at dei er klare for konsert. Vi får tru dei orda framleis står, også etter generalprøva som dei hadde etter at Firdaposten var gått heim.

    – Vi byr på litt Tsjaikovski, litt Disney. Nokre svisker og ikkje minst Gary Moore, lokkar Halvorsen, og seier at denne konserten er «one time only». Her er det med andre ord ikkje nokon grunn til å sitte heime og sture på fredagskvelden.

    I tillegg til dei mange musikarane frå kulturskulen blir det også dansarar, medan dei som utfoldar seg med kunst av forskjellig slag har utstilling i foajeen på samfunnshuset.

    Artikkeltags