Sist veke var det grovavfallsinnsamling i Flora kommune. Som så mange gonger før, er det enkelte som anten tar ein sjanse, eller ikkje kjenner regelverket godt nok når det gjeld kva som kan kastast.

- Vi ber om at restar og avfall som ikkje blei henta ved innsamling av grovavfallet vert henta tilbake. Dette kan til dømes vere bygnings- og rivingsavfall.  Årsaka til at avfall står igjen er fordi det ikkje er ein del av ordninga, skriv Henrik Ulriksen på Flora kommune sine nettsider.

Det som no ligg att på oppsamlingsplassane, vil med andre ord ikkje bli rydda opp av kommunen. Dermed må ein sjølv ta ansvar og hente tilbake avfallet. Ein gjengangar er utrangerte klosett og servantar, som ikkje blir omfatta av kommunen si ordning. Også ein del elektriske gjenstandar ligg att og sleng langs grøftekantar og oppsamlingsplassar rundt om i byen.

Dette er skrot som folk sjølve anten må levere til gjenvinning hos SAR på Botnastranda, eller levere inn som el-avfall i dertil eigna konteinarar - til dømes bak Elkjøp sitt bygg på Fugleskjerskaia.