Omsorgstenesta nominert til nasjonal pris

- Vi er stolte av å vere ein av tre nominerte, seier kommunalsjef Norunn Stavø.

- Vi er stolte av å vere ein av tre nominerte, seier kommunalsjef Norunn Stavø. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Flora kommune si omsorgsteneste er ein av tre nominerte til ein nasjonal pris, som skal delast ut av helseministeren i starten av desember.

DEL

Omsorgstenesta er nominert til den nasjonale Etikkprisen 2017, saman med Oslo og Surnadal.

– Denne prisen heng høgt, vi er stolte av å vere nominert, fortel kommunalsjef Norunn Stavø til Firdaposten.

– Dette er ei fjør i hatten for omsorgstenesta vår. Vi har jobba systematisk med etisk refleksjon sidan 2012, og dette viser at vi har komme langt, og at vi jobbar veldig godt med etikk, seier Stavø.

Det er Kommunenes Sentralforbund (KS) som deler ut Etikkprisen, som er på 100.000 kroner og eit diplom. Kandidatane må sjølve søke på prisen, der dei må svare på ein lang rekke spørsmål om korleis kommunen jobbar med etikk.

Dette seier KS om Etikkprisen

«Etikkprisen deles ut til en kommune/bydel som gjennom sitt systematiske etikkarbeid bidrar til å styrke brukernes verdighet og integritet gjennom å videreutvikle de ansattes etiske kompetanse og sensitivitet. Formålet med Etikkprisen 2017 er å synliggjøre det systematisk etikkarbeidet som bidrar til å heve den etiske kompetansen, samt stimulere til ytterligere satsing på etikk som en del av tjenestenes kvalitetsarbeid og fagutikling i de kommunale helse- og omsorgstjenestene.»  Kjelde: KS.no

Starta i 2012

Tilsette i omsorgstenesta står dagleg ovanfor vanskelege etiske dilemma og problemstillingar. I 2012, på initiativ frå Norunn Stavø, som då var pleie- og omsorgssjef, søkte Flora kommune opptak i KS-prosjektet «Saman for etisk kompetanseheving».

Prosjektet er eit nasjonalt utviklingsprosjekt, der målet er å heve den etiske kompetansen og gjere etisk refleksjon til eit vanleg hjelpemiddel i kvardagen.

– Målet er at alle tilsette reflekterer over eigen praksis og gjennom etisk refleksjon vert bevisstgjort på praksis som tidlegare vart tatt for gitt. Kvaliteten på tenesta skal bli styrka og den einskilde tilsette skal opptre reflektert, skriv Norunn Stavø i søknaden til KS.

450 tilsette, med to institusjonar, tre heimetenesteavdelingar, bu- og miljø, dagavdelingar og leiargruppa, er aktivt med i det etiske arbeidet. Det vert jobba systematisk i alle dei 12 avdelingane, både med opplæring, samlingar med etisk refleksjon, nyheitsbrev, rapportering, fagdagar og generell fokus på etikk i møter, samlingar, morgonmøte m.m.

– Har effekt

Fleire år med jobbing med etisk refleksjon har hatt effekt, meiner Stavø.

Fleire tilsette melder at dei har blitt modigare i tilfelle der kollegaer skapar dårleg kultur og konfliktar på arbeidsplassen. Gjennom refleksjon har ein blitt meir bevisst på korleis handlingane ein gjer kan påverke brukaren si oppleving. Systematisk etisk refleksjon har gjort at tilsette synst samtalar med brukar og pårørande er lettare.

Tilsette seier også at dei no bevisst nyttar etisk refleksjon i arbeidskvardagen, mellom anna før ein eventuelt søker tvangsvedtak i bu- og miljøtenesta, i møte med utfordrande åtferd, i klagesaker, i møte med pårørande, og på avdelingar med høgt sjukefråvær. 

Artikkeltags