I dag er siste frist om du vil vere med å bestemme nye vegnamn i Flora

TRENG NYTT NAMN: Eit område i Uravågen/Nordrevågen på Årebrot er eitt av mange område som Flora kommune no ber publikum om namne-innspel på.

TRENG NYTT NAMN: Eit område i Uravågen/Nordrevågen på Årebrot er eitt av mange område som Flora kommune no ber publikum om namne-innspel på. Foto:

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Kommunen vil ha dine innspel når dei snart skal namnsetje nye vegar og område i Flora.

DEL

Ein god namnestrid kan vere kjekt å varme seg på i hustrige haustmånader. No har Flora kommune ein spennande jobb framfor seg, for det er både nye vegar og område i kommunen som framleis ikkje har fått noko namn.

På kommunen sine heimesider ligg det utførleg beskrive med tekst og kart kva område dei treng innspel på, og her er også retningslinjer ein må følgje når ein kjem med framlegg på namn, om dei skal bli tekne i betraktning.

Ein viktig bakgrunn for dette arbeidet, er at i naudsituasjonar skal beredskapspersonell med ambulansar, brannvernsutstyr m.m. lett kunne finne fram til rett stad raskast mogleg.

Nokre av krava du må ta omsyn til, er at:

- namnet må passe inn i eit samordna system for adressering, t.d. at namn ulike stader i kommunen ikkje er dei same eller for like slik at dei kan forvekslast

- namnet bør bygge på og føre vidare lokal namnetradisjon

- namnet bør passe til staden

- namnet bør ikkje verke støytande eller komisk

- namn bør vere varierte

- namnet bør vere lett å skrive, lese og uttale

Ein bør også unngå å nytte namn på nolevande personar og sørge for å stave riktig namn til historiske personar.

Fristen for å kome med innspel er sett til 30. oktober.

Artikkeltags