- Bruk vatn med vett

KRYMPAR: Sagavatnet, Florø si hovudvasskjelde, krympar i den ekstremt tørre 2018-sommaren.

KRYMPAR: Sagavatnet, Florø si hovudvasskjelde, krympar i den ekstremt tørre 2018-sommaren. Foto:

Av
Artikkelen er over 2 år gammel

FLORØ: Den ekstremt tørre sommaren har gjort innhogg i Florø si vassforsyningskjelde, Sagavatnet.

DEL

Fleire månader nesten utan nedbør har ført til monaleg lågare vasstand i Sagavatnet enn kva som er normalt for årstida. Og sjølv om det ikkje er innført restriksjonar i form av vatningsforbod i Florø enno, legg ikkje tenesteleiar for teknisk drift i Flora kommune, Reidulf Refenes skjul på at han snart ønskjer seg regn.

Kan gå utover trykket

- Skurene som kom måndag og tysdag gjorde godt. Men vi treng meir, for nivået i Sagavatnet er godt under normalen, slår han fast.

Det er likevel inga krise per dags dato, og det er ikkje megda vatn i magasinet som uroar Refsnes mest.

- Det største problemet er viss folk tek til å vatne hagar og plenar på dagtid, og nyttar store mengder vatn samtidig. Då kan kapasiteten i leidningsnettet få for stor belastning, og vi misser vasstrykket som vi er avhengig av for å få trykk ut i kranane til husstandane, seier Refsnes.

Vatne kun om kveldane

Han oppmodar dei som har behov for å vatne, om å avgrense seg mest mogleg, og å strekkje vatninga ut i kveldstimane.

- Å vatne midt på dagen i denne varmen er å kaste bort vatnet. Vi må vatne med vett, slår han fast.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken