Gå til sidens hovedinnhold

No er det truleg fleirtal for Bankhola

Artikkelen er over 3 år gammel

Ap har konkludert; dei går for utbygging av Bankhola og det gamle rådhuset.

Det ligg an til politisk fleirtal for Bankhola-prosjektet i bystyret tysdag, etter at Arbeidarpartiet no samla går inn for dette alternativet. Ap hadde gruppemøte torsdag kveld, og meiner at dette alternativet er det klart beste. Det meiner også Samlingslista, mens Høgre skal bestemme seg på gruppemøte måndag.

Ap-gruppeleiar Solveig Willis trur Bankhola-alternativet vil gi innsparingar, ein betre og meir effektiv administrasjon, og gi eit positivt løft for byutviklinga.

- Dette blir veldig bra! Det vil gi eit betre tilbod til innbyggarane. Det gler meg også at vi brukar det gamle rådhuset, og såleis tar vare på noko av kulturen og identiteten vår. Bygget har ein flott fasade, og dette blir eit spennande prosjekt, seier ho.

Ho drar fram parkeringshuset i prosjektet som eit stort pluss.

- Med nye parkeringsplassar midt i sentrum, med innkøyring via Markegata - Magnus Thingnesgata, så kan det opne opp for spennande moglegheiter. Utbyggingsprosjektet kan skape liv og røre i gata, trur Willis.

- Kinn treng moderne drift

- Så er det enkelte som er bekymra for at ein skal bygge rådhus samstundes som ein skal danne nye Kinn kommune. Eg vil snu litt på det, seier Willis.

- Eg hadde vore meir bekymra om ein skulle drive som i dag, med kommuneadministrasjonen spredt rundt på mange ulike utdaterte og lite funksjonelle kontorlokale i ulike bygg. Det er lite effektivt, og ei samling av Flora sine administrative funksjonar i nye, funksjonelle lokale vil styrke den nye kommunen. Det er viktig at administrasjonane i dei to gamle kommunesenterene har ein effektiv, god og moderne drift, påpeikar ho.

- Men det blir litt feil å kalle dette prosjektet bygging av eit rådhus. Det er ei samling av kommuneadministrasjonen under eit tak, legg ho til.

(Saka held fram under faktaboksen)

Dette kostar rådhusalternativa

Ifølgje Flora kommune sine kalkyler kostar dei ulike alternative dette (ekskl. mva):

Samfunnshuset: 106,6 mill.

Bankhola/gamle rådhuset: 114,6 mill.

Hamnegata: 120,5 mill.

Sparebankbygget/Strandgata 43: 121,6 mill.

Meierikaia/Landbruk: 137,3 mill.

Trovikkvartalet: 147,3 mill.

Det er også Bankhola-alternativet som kjem best ut økonomisk sett, etter kommunen sine kalkyler. Det er her det er størst innsparingspotensiale, og det er det nest billegaste byggeprosjektet etter ei utbygging av samfunnshuset, argumenterer ho.

- Vi går for Bankhola

Samlingslista gjekk til val på rådhus i Bankhola, og står framleis ved det.

– Vi gikk til val på at det mest naturlege er at nytt rådhus skjer i forlenginga av dagens, mot Bankhola, seier gruppeleiar i Samlingslista, Jacob Nødseth,

– Så vi ser innstillinga frå rådmannen som ein siger i seg sjølv. Og vi vil sjølvsagt gå inn for dette alternativet i bystyret, seier Nødseth.

Høgre har ikkje bestemt seg

Hanne Husebø Kristensen (H) er veldig positiv til prosjektet i Bankhola. Samstundes vil ho vurdere alle dei andre prosjekta grundig.

– Bankhola er eit spennande prosjekt, som fyller alle kriteria til eit nytt rådhus. Men Høgre har ikkje konkludert. Vi skal ha gruppemøte på måndag, seier ho til Firdaposten.

– Eg tenker at det er viktig at vi med nytt rådhus tilfører sentrum noko – at vi skapar liv. Og at vi tilfører noko nytt, som til dømes parkeringshus. Vidare er det viktig at vi ikkje lagar nye hus som står og forfell i sentrum. Pris vil også betyr noko, sjølvsagt, og føreseielegheit, byggetid og gjennomføring.

(Saka held fram under bildet)

 

Husebø Kristensen var ikkje i formannskapet då alle prosjekta vart presentert, og har difor ikkje inngåande kjennskap til desse.

– Eg har berre fått presentert Bankhola, og det kan absolutt fylle alle kriteria. Men no skal vi sette oss ned og kikke på dei andre prosjekta, som det ligg informasjon om i dei politiske papira som kom ut onsdag, seier gruppeleiaren.

Blant desse prosjekta er også AB Fjordland og Bjørn Hollevik sitt, som var omtalt i Firdaposten torsdag. Hollevik er som kjend også bystyrepolitikar for Høgre, med er inhabil og deltek ikkje i handsaminga av saka som gjeld det nye rådhuset.

Les også

Difor vil administrasjonen inn i "bankhola"

- Treng ikkje nytt rådhus

Jan Arve Midtbø ser ikkje kvifor ein skal ha nytt rådhus.

– Eg ser ingen grunn til at Flora kommune skal ha noko nytt rådhus. Men eg går likevel for Bankhola. Det er det beste alternativet, seier Midtbø.

Den uavhengige bystyrepolitikaren meiner at det beste og billegaste rådhusprosjektet er ei utbygging av Flora samfunnshus. Men for han er det mest tungtvegande at ein får rusta opp det eksisterande rådhuset.

– I mine auge er det berre samfunnshuset og Bankhola som er aktuelle. Og ut ifrå at vi har eit gammalt rådhus, så må vi velje Bankhola-alternativet.

Les også

– Eg er ikkje i tvil om kvar rådhuset bør ligge

Kommentarer til denne saken