Denne gjengen frå pleie og omsorgsavdelinga i Flora vann den nasjonale etikkprisen

RETTLEIING: Dei 22 etikkrettleiarar ute i avdelingane.

RETTLEIING: Dei 22 etikkrettleiarar ute i avdelingane. Foto:

OSLO: Fredag overrekte eldreministeren den nasjonale etikkprisen til Flora kommune.

DEL

Pleie og omsorgstenesta i Flora kommune vart i fjor nominert til den nasjonale etikkprisen, men nådde ikkje heilt opp. Det gjorde dei i år.

Det er Kommunenes Sentralforbund (KS) som deler ut Etikkprisen, som er på 100.000 kroner og eit diplom. Kandidatane må sjølve søke på prisen, der dei må svare på ein lang rekke spørsmål om korleis kommunen jobbar med etikk.

Det er ein tydeleg stolt pleie- og omsorgssjef Randi Holm som snakkar med Firdaposten kort tid etter seremonien fredag morgon. Ho er først og fremst stolt over dei tilsette i tenesta.

– Dette er eit etikkarbeid som er forankra heilt frå leiing og ut til den einskilde medarbeider. Vi har 22 flinke etikkrettleiarar ute i avdelingane som er pådrivarar for ein systematisk etisk refleksjon over etiske problemstillingar blant dei tilsette. Det er viktig at vi gjer kvar medarbeidar moglegheit til å reflektere om konkrete etiske problemstillingar dei står oppi, eller har stått oppi, seier Randi Holm og strekar under:

Prismottakelse: Hilde solheim og Viviann Nekkøy representerer etikkrettleiarane og Leni Klakegg fagansvarlig etikk og Ragnhild Holm p/o sjef

Prismottakelse: Hilde solheim og Viviann Nekkøy representerer etikkrettleiarane og Leni Klakegg fagansvarlig etikk og Ragnhild Holm p/o sjef Foto:

– Vi ser stadig at vi har folk som oppfattar at tenestene ikkje er gode nok, eller ikkje strekker til. Vi får ikkje prisen fordi vi er best i klassen, men fordi vi er bunnsolide og jobbar systematisk godt med etikk. Det å få prisen er god motivasjon til å jobbe vidare med det, og ein tydeleg indikator at vi er på rett veg, seier ho.

– Men blir denne prisen ei kvilepute? Er ein god nok?

– Nei, dette er ingen kvilepute, men eit hjelpemiddel som gjer at vi fokuserer på alt det gode arbeidet dei tilsette gjer. Mange står oppi veldig tøffe kvardagar, det å giast rom for refleksjon og påfyll skal vi bruke prisen til også.

Tilsette i omsorgstenesta står dagleg ovanfor vanskelege etiske dilemma og problemstillingar. I 2012, på initiativ frå Norunn Stavø, som då var pleie- og omsorgssjef, søkte Flora kommune opptak i KS-prosjektet «Saman for etisk kompetanseheving».

Prosjektet er eit nasjonalt utviklingsprosjekt, der målet er å heve den etiske kompetansen og gjere etisk refleksjon til eit vanleg hjelpemiddel i kvardagen.

Fagjuryens begrunnelse:

Juryen mener at Flora kommunes etikkarbeid er svært solid og vellykket. Kommunens etikkarbeid har vært sterkt over tid, og det er eksepsjonelt godt forankret på alle nivåer i kommunen og i hele helse- og omsorgssektoren. Etikkarbeidet er systematisk og målrettet. I tillegg er det flere positive ting fagjuryen ønsker å fremheve speselt. Det ene er tiltaket Verdikafé hvor alle tjenester inviteres til en felles arena for refleksjon og læring om etikk i praksis. Det andre er at tjenestene tar med brukerne inn i den etiske refleksjonen; det tredje at en bruker systematisk etisk refleksjon bredt ute i tjenestene før en søker tvangsvedtak og at etisk refleksjon brukes for å finne alternativ til medikamentell behandling. Juryen merker seg at kommunen ser etikkrefleksjon som et egnet virkemiddel for å realisere målsetninger i stortingsmeldingen "Leve hele livet" og ser viktige muligheter her. Juryen ser også veldig positivt på at etisk refleksjon i Flora kommune sees på som et sentralt redskap for at de ansatte skal se og møte brukerne ut fra et helhetlig perspektiv der brukernes interesser og ressurser alltid står i sentrum. Visjonen for etikkarbeidet er at etikk skal være en naturlig del av alt som gjøres i omsorgstjenesten, inkludert samarbeid, søkn adsbehandling og brukerkontakt. Fagjuryen syes det virker som om Flora kommune har klart å realisere dette på en forbilledlig måte. Juryen anbefaler andre kommuner å se til Flora for å lære av deres etikkarbeid.

Artikkeltags