Natt til søndag 7. januar vart ei av lysmastene på parkeringsplassen ved Eikefjord skule køyrd ned, og låg flat på bakken. No er saka politimeld, seier avdelingsleiar Vidar Andersen i Bygg og Eigedom i Flora kommune.
– Vi prøvte først å forhøyre oss, for å sjå om vi kunne finne ut av dette på eiga hand. Men nå ingen ville vedkjenne seg det, valde vi å melde saka til politiet, seier Andersen og legg til at det nok er synleg på bilen at den køyrde ned masta.
– På masta fann vi restar av gul og fin måling frå bilen som køyrde på den, legg Andersen til.
Stasjonssjef Wenche Hope stadfestar at dei har byrja etterforsking av saka. Ho utelukkar ikkje ei kopling til postkassesprenginga på strekninga mellom Eikefjord og Stavang.
– Natt til 7. januar, altså same natta som lysmasta vart køyrd ned, vart det sprengt ein del postkasser i området. Det er ikkje usannsynleg at desse to sakene kan ha noko med kvarandre å gjere, for dei som har sprengt postkassene har vore mobile, seier Hope.
Etter postkassesprenginga har politiet hatt mange inne til vitneavhøyr, men det er framleis ingen løysing i sikte.

Politiet: Vi har namn på blokka