Flora kommune løyver 400 000 til MGP

Flora kommunen trur på ein ny folkefest neste år med MGP

Flora kommunen trur på ein ny folkefest neste år med MGP Foto:

Artikkelen er over 5 år gammel

Formannskapet i Flora avgjorde tysdag at dei vil løyve 400 000 kroner til ein ny MGP-delfinale

DEL

Lokale nyheiter - 5 kr for 5 veker

Bente Nilsen Halvorsen (SV) meinte pengane heller bør brukast på andre ting, men formannskapet valde tysdag å gå for å løyve same sum som i fjor, 400 000 kroner. Det er 50 000 mindre enn det arrangøren Hipp Hipp Flora søkte om.

-Eg håpar Hipp Hipp og får dei midla dei treng frå fylkeskommunen på 750 000 kroner, og eg trur det nok ein gong blir ein folkefest, seier ordførar Bengt Solheim-Olsen.

Fleire i formannskapet var litt i tvil om å løyve så mykje penger til delfinalen, men var einige om at trivselsfaktoren og marknadsverdien av arrangementet betyr mykje for kommunen og innbyggjarane.

- Dette er eit arrangement som samlar både barn, unge og opp til besteforeldre. Det gir samhald i kommunen og forena på tvers av generasjoner. Det er eit fantastisk arrangement og veldig god marknadsføring av kommunen slår Solheim-Olsen fast.

Samtidig meiner formannskapet at ein vinterfestival som eventselskapet vil byggje rundt delfinalen vil gje positive ringverkander for næringslivet i byen.

Av dei 400 000 som vart løyvd, kjem 250 000 frå formannskapet si kasse, og 150 000 frå INU-midlar (midlar til tettstadsutvikling) som ordføraren har løyvd.

Artikkeltags