Om kort tid inviterer Norges Jeger- og Fiskerforbund Sogn og Fjordane og Hordaland til villmarksleir for eldre ungdom. I år går turen til Nordfjord Fritidssenter og Stryn. Leiren vert arrangert helga mellom vinterferiane til Hordaland og Sogn og Fjordane, 19.-21. februar. For å vere med må ein fylle 15 år i år eller vere eldre.
Mykje å velje i
Det er mange spennande aktivitetar ein kan vere med på. Alt er valfritt men laurdagen må ein velje ei gruppe og bli med på anten revejakt, isfiske, topptur på ski, matlaging ute eller vere i skibakken. Andre aktivitetar som alle kan vere med på er zipline, aking, aktivitetssti, bygging av snøhole med meir. I år kan ein velje om ein vil sove inne eller prøve seg som uteliggar midt på vinteren! Vert det kaldt første natta ute, så kan ein sove inne den andre natta, det er kjekt å prøve.
Det er ikkje så ofte ein søv ute på vinterstid, og det krev at ein har god sovepose og bra ligge underlag. Det er utruleg fint å ligge under open himmel og sjå opp på stjernene! Er det ikkje stjerneklart, er det fint likevel og er det skikkeleg ruskeveir, får ein verkeleg ei kjensle av å vere ute i villmarka!
Ope for alle
I fjor var det friluftslivets år, og at ein markerer friluftslivet med eit slik år, viser kor viktig det er med friluftsliv og fysisk aktivitet. Denne villmarksleiren er eit lågterskeltilbod for eldre ungdomar, det har ingen betydning om er vand og erfaren med friluftsliv eller ikkje. Leiren er for alle og det er tilrettelagt for at alle skal ha det kjekt. Det er ein fordel å like å vere ute då ein satsar på å vere ute det meste av tida.
Leirinstruktørane har gleda seg i lang tid til leiren. Dette er ei kjekk oppleving både for dei som er deltakarar og dei som er med som vaksne. Det er framleis ledige plassar, så her er det berre å hive seg med!
(Pressemelding frå NJFF Sogn og Fjordane)