Fekk forklart Florø-modellen

Mottaksleiar Bente Nygård forklarar Florø-modellen for Høgres generalsekretær

Mottaksleiar Bente Nygård forklarar Florø-modellen for Høgres generalsekretær

Artikkelen er over 3 år gammel

Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset, vitja Solbakken Asylmottak måndag

DEL

– Det har vore gjort ein kjempejobb av Høgre lokalt, roste Ola Teigen sine politiske kollegaer og motstandarar etter at regjeringa skåna asylmottaket på Solbakken sist fredag. Generalsekretær i Høgre, John-Ragnar Aarset stadfestar at lokallaget i Florø hadde stått på og gjett lyd frå seg etter at UDI kom med sjokkmeldinga om at Solbakken skulle leggast ned:

– Eg trur ikkje det er nokon i Høgre sentralt som ikkje har fått med seg den siste veka, at det finst eit veldrive mottak i Florø som heiter Solbakken.

Måndag tok han sjølv turen ut til Kystbyen for å sjå asylmottaket med eigne auge, og få ein prat med både bebuarar og tilsette. På Solbakken vart han møtt av leiaren for KF Innvandrarsenteret, Arild Melvær, mottaksleiar Bente Nygård, stortingskandidat for Høgre i fylket, Frida Melvær, og ein heil liten delegasjon lokale Høgre-folk. Her fortalde Nygård og Melvær om kva det er som gjer nettopp Florø-modellen so bra, og korleis dei jobbar med integrering i skule, barnehage og frivillige organisasjonar.

Artikkeltags

Kommentarer til denne saken