Gjensidige forsikring registrerar hundrevis av samanstøyt mellom bil og sykkel kvart år. Bilisten har det objektive ansvaret, men det kan svi i lommeboka for syklisten dersom han har vore uaktsom.

- Kvart enkelt tilfelle vert vurdert, men har syklisten medverka til ulykka kan erstatning bli redusert. Dette kan gjelde for skader på sjølve sykkelen, kle og i nokre tilfelle personskade. For eksempel vil ein syklist som syklar rett ut i fotgjengarfeltet, truleg risikere å få redusert erstatninga, seier Arne Voll, informasjonsansvarleg i Gjensidige.

- I Sogn og Fjordane har forsikringsbransjen dei siste fem åra mottatt 55 skademeldingar etter samanstøyt mellom bil og syklist. Mørketala er store, og det er nok mange fleire samanstøyt enn dei vi får registrert, fortel Voll.

Flest skader blei registrert i Flora, Førde og i Sogndal.

Ver varsam

Gjensidige oppfordrar til meir varsam opptreden både frå syklistane og bilistane si side no når sykkelsesongen står for døra.

- Sjølv om syklisten ofte er uskyldig i uhella, er det ei mager trøst om ein skulle bli skadd. Mange av ulykkene skjer ved at bilistar og syklistar ikkje er merksame, høg fart eller aggressiv køyrestil. Årleg har vi fleire dødsulykker og mange blir skada etter kollisjonar mellom bil og sykkel, seier Voll.

Er syklisten skuld i ulykka og har vore uaktsom, vert dette dekka under innboforsikringa. Bilisten får då ikkje noko bonustap. Dette er ein avtale i forsikringsbransjen. Ein syklist utan innboforsikring kan måtte punge ut av eiga lomme når den endelege rekninga skal gjerast opp.

Har vikeplikt

- Syklistar som kryssar vegen, har vikeplikt for all anna trafikk i køyrebana. Dette gjeld også ved kryssing i gangfelt. Det er altså tillatt å sykle over vegen i gangfelt, men då har andre køyrande ikkje same plikt til å stanse for syklistar som for fotgjengarar. Går du av sykkelen og trillar, har bilane vikeplikt for deg som fotgjengar, avsluttar Voll.

Sjå trafikkreglane for syklistar her: Vegvesenet