8. mai startar frigjeringskampen

Bli med på ny snigledugnad og stopp brunsniglen, oppmodar Flora kommune og Flora hagelag. Her frå fjorårets sniglesakte-tv i regi av Firdaposten.

Bli med på ny snigledugnad og stopp brunsniglen, oppmodar Flora kommune og Flora hagelag. Her frå fjorårets sniglesakte-tv i regi av Firdaposten.

Av
Artikkelen er over 1 år gammel

Ny dugnad mot den brune fare startar tysdag denne veka.

DEL

Sjølv om fjorårets storaksjon mot hagefiende nummer ein, brunsniglen, ikkje heilt kan dokumenterast som ein suksess, blir det ny aksjon også i år.

Flora Hagelag og Flora kommune går saman den 8.mai og arrangerer snigledugnad igjen. Denne gongen vert det stasjonar rundt i byen der kvar enkelt kan hente ein porsjon sniglemiddel, og som i fjor er det stoffet Nemaslug ein set si lit til. Stoffet er ikkje giftig for naturen eller andre artar. Sniglen får i seg stoffet, sluttar å ete, gøymer seg bort og døyr. Så blir den eten av andre kannibal-artsfrendar, som igjen spreier stoffet vidare.

Det er sett opp fem utdelingsstasjonar, ved Flora ungdomsskule, på Evja (ved tidl. Grotle jernvare), ved Røde Kors-bygget, Torvmyrane skule og ein i Brandsøy, ved den gamle butikken. Bur du i øyane, i Eikefjord eller i ei anna grend, kan ein ta kontakt med grendalaga sine, og avtale henting av Nemaslug.

Som eit ekstra tiltak for å hindre snigleoppblomstring, blir det gratis levering av hageavfall hos SAR som i fjor, gjeldande frå no og fram til 15. juni. Når ei totalvekt på 10 tonn er nådd, blir gratisordninga stogga.

Du kan lese meir om aksjonen på Flora kommune sine heimesider.

Artikkeltags