Gå til sidens hovedinnhold

Flora får meir til psykisk helse

Artikkelen er over 14 år gammel

Den statlege løyvinga til innsats for psykisk helse i Flora kommune aukar i år med knappe 1,2 millionar kroner, og kjem dermed opp i nesten 7,4 millionar kroner totalt.

Flora kommune må ha ein godkjent plan for innsatsen for den psykiske helsa til innbyggjarane for å få utbetalt desse pengane. Ein slik plan er no klar for politisk godkjenning.

Mellom måla for planen er:

n Å vidare utvikle ein dagbase for 60-70 brukarar

n Gje betre fysisk helse til brukargruppa

n Styrke samarbeidet til spesialisthelsetenesta for psykiatrien

n Realisere eit bustadsprogram for 4 nye bustader i år og seks neste år

n Aktivisering gjennom arbeid