Dyrlegen svarar: – Dette er heilt trygt for dei firbeinte

Hanne Husebø Kristensen. Arkivfoto: DNF

Hanne Husebø Kristensen. Arkivfoto: DNF

Artikkelen er over 3 år gammel

Dyrlege Hanne Husebø Kristensen nyttar brunsnigelaksjonen til slå fast at Nemaslug er trygt for både hung og katt.

DEL

i dag har du kanskje sett mange gå og luske i busker og bed. Kanskje har du sjølv vore ein av dei som har stått med saks, og bøtter, og salt, og prøvd å bli kvitt dei brune, slimete sniglane som har invadert norske hagar dei siste åra.

I anledning kampen mot brunsnigelen har mange tatt kontakt med Flora Dyreklinikk for å høyre om Nemaslug, som no vert lagt ut i Florø, er farleg for hund og katt.

– Det er ikkje ei gift, men ein parasitt som drep snigelen. Sidan brunsnigelen et kvarandre vil parasitten vil ført vidare til nye sniglar, som igjen døyr og vert etne, og så vidare. Parasitten døyr ved temperaturar over 30 grader, og er difor ikkje skadeleg for varmblodige dyr som hund og hatt, seier ho.

Artikkeltags