Brann i bustadhus

Flora brannvesen var raskt på staden og starta sløkking.

Flora brannvesen var raskt på staden og starta sløkking. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Det var full utrykking etter melding om brann i ein bustad i Havreneset i Florø tysdag ettermiddag.

DEL

Klokka 17.45 tysdag ettermiddag kom meldinga om brann i ein bustad i Florø. Alle naudetatane rykka då ut til eit bustadområde i Havreneset.

– Det var meldt om stor røykutvikling og brann i ei av einingane i ein fleirmannsbustad, fortel Kai Henning Myklebust, operasjonsleiar på politiet sin operasjonssentral i Florø.

– Vi har evakuert tilstøytande bygg, og huseigar er gjort greie for. Vedkommande er ikkje i bygget, og det er ingen personar som er sakna, opplyser Mylkebust.

Det skal ikkje vere fare for spreiing, og sløkking pågår.

Klokka 18.15 kan operasjonssentralen melde at brannen er sløkt, og at det no pågår lufting av bustaden.

Artikkeltags