Den gamle Florø Radio-masta i Likkjeåsen held på å knekke. Folk blir bedne om å unngå området.

Florø Radio sine to master på Likkjeåsen. Den i forgrunnen står førebels greitt, medan den lenger aust ser ut til å byrje å knekke.

Florø Radio sine to master på Likkjeåsen. Den i forgrunnen står førebels greitt, medan den lenger aust ser ut til å byrje å knekke. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Brannvesenet var på staden litt over klokka 11.00, og fekk staden sikra i påvente av av politipatruljen i området vårt skulle komme heile vegen frå Førde.

– Vi har vore der oppe og sett på mastene. Dette er Florø Radio sine gamle radiomaster, som er laga i tre. Eine av dei har knekt litt, og det er nokre lause bardunar, seier fagleiar Pål Robert Eielsen i Flora Brannvesen.

Han og resten av vaktlaget i Florø har vore oppe og sett på mastene, men måtte vente i 40 minutt til politipatruljen kom frå Førde før dei stengde av området.

– Det er ein del turstiar der oppe som ikkje er trygge å bruke no når vi ikkje veit om mastene kjem til å knekke eller ikkje. Vi oppfordrar difor folk på det sterkaste å ikkje gå opp dit, fortel Eielsen.

Det har seg nemleg slik at dei to mastene heng saman med vaierar. Knekk den eine, knekk den andre også. Og med tanke på at alle vaierane står i spenn, kan det vere ekstremt farleg å opphalde seg i nærleiken om dei dett. Her må det med andre ord folk med spesialkompetanse på å felle slike master inn. Mastene vil etter alt å dømme bli tekne ned på måndag.

Flora brannvesen sitt vaktlag på plass ved Florø stadion.

Flora brannvesen sitt vaktlag på plass ved Florø stadion. Foto:

Artikkeltags