Tysdag øver dei for å unngå kaos dersom krisa skulle oppstå

arkivbilde frå beredskapsøving.

arkivbilde frå beredskapsøving. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Om du møter mange utrykkingsbilar med blålys tysdag, er det ingen grunn til panikk.

DEL

Tysdag kveld arrangerer Flora brannvesen og Eikefjord brannvesen fleire store øvingar, der målet er å teste ut logistikken dersom det skulle skje fleire større hendingar samstundes. Då vil folk merke både blålys og sirener både i Florø- og Eikefjordområdet.

– Vi skal øve på fleire livstrugande krisesituasjonar samstundes. Dette skjer heldigvis ikkje så ofte, men den kan skje, seier varabrannsjef Eivind Ask til Firdaposten og viser til mellom anna nyttårsorkanen i 1992.

– Den gong var vi ute i to og eit halvt døger samanhengande, og vi har ingen garanti for at vi ikkje kan få ei ny slik situasjon, strekar Ask under.

Artikkeltags