Sjøbu brann ned til grunnen

DEL

Brannvesenet sende ekstramannskap til Fanøy for å hjelpe til i samband med at ei sjøbu rett før innseglinga til Fanøyvågen sto i brann torsdag ettermiddag. Det stadfesta Espen Rysjedal på Alarmsentralen klokka 15.21 torsdag.

– Det er ei bu på Fanøya som har teke fyr. Den skal eigentleg rivast, så bua er tom. Vinden står rett veg, så det er ikkje snakk om nokon spreiingsfare, og det skal heller ikkje verre nokon fare for personskade, sa Rysjedal.

Det skal derimot ikkje stemme at bua var tom. Bua var framleis i bruk, og mellom anna skal teiner og gamle nøter vore blant det som har gått tapt.

Både brannvesen, politi og ambulanse reiste ut med båt, men bua var overtent og brann ned til grunnen.

Artikkeltags