Brann i bustad viste seg å vere bålbrenning

DEL

Politiet melde på Twitter at det var brann i ein bustad i Florø. Det viste seg å vere falsk alarm.

For berre få minutt etterpå kom det kontrabeskjed. Det som var meldt å vere brann i eit bustadhus viste seg å vere bålbrenning.

Til Firda seier operasjonsleiar Steinar Hausvik i Vest politidistrikt klokka 21.54 at politiet akkurat då kom til staden, som ligg i sentrum av Florø.

– Då fekk eg akkurat melding om at det er snakk om bålbrenning. Ikkje noko hus i brann. Meldar såg det heile frå litt avstand, og det er nok grunnen til at det såg ut som huset brann, seier Hausvik.

Artikkeltags