Nytt bålforbod

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Frå i dag, torsdag 5. juli er det igjen innført totalforbod mot å gjere opp eld utandørs, melder Flora kommune på sine nettsider.

Forbodet medfører at det ikkje er lov til å brenne i skog, eller i nærleiken av skog og utmark. Det er heller ikkje lov til å grille eller brenne bål i strandsona, og ein kan ikkje sette fyr på hageavfall. Det er likevel tillatt å gjere opp eld der det åpenbart ikkje kan medføre brann.

Totalforbodet mot eld gjeld heilt til brannvesenet opphevar det. Uforsiktig omgang med eld, som til dømes bålbrenning og grilling, er den hyppigaste årsaka til skogbrann.

Artikkeltags