Kjem dette ut av kontroll, kan du måtte betale

Det er fristande å grille pølser på bål når det er så flott vêr, men pass på at du har vatn å sløkke med, skulle det gå gale.

Det er fristande å grille pølser på bål når det er så flott vêr, men pass på at du har vatn å sløkke med, skulle det gå gale. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fleire Sunnfjord-kommunar har innført strengare reglar for bålbrenning i påska. Mellom anna i Naustdal og Asvoll må ein melde frå om ein vil brenne bål, trass i at det generelle bålbrenningsforbodet ikkje inntrer før 15. april.

Men det er tørt langs heile kysten frå Rogaland til Nordland og dette gjer at ein ber folk vere varsame når dei skal grille pølser i det vakre påskevêret.

I Flora er det ikkje noko slikt pålegg, opplyser branninspektør Pål Eielsen i Flora brannvesen, som har vakt i påska.

- Vi har hatt nokre bråtebrannar som har komme ut av kontroll den seinare tid, så ønskjer folk å brenne bål, må dei sikre seg at dei har noko å sløkke med i umiddelbar nærleik.

For må han og kollegene rykke ut fordi du ikkje passa godt nok på, kan det bli dyrt.

- Er det uaktsomheit inne i bildet kan ein risikere å bli fakturert for utrykkinga, strekar Eielsen under.

Han vil ikkje skremme folk frå å tenne bål i det fine vêret, men ber folk vere forsiktige.

- Ha ei bøtte vatn ståande klar, det er det beste.

Direktoratet for samfunssikkerheit og beredskap har sett skogbrannhelikopteret i beredskap, fordi det er så tørt langs kysten. Så langt i år er det registrert 38 skog-, gras- og lyngbrannar.

Artikkeltags