Gå til sidens hovedinnhold

Flest nye arbeidsledige i Flora

Artikkelen er over 18 år gammel

Flora er den kommunen i fylket, saman med Eid, som har hatt fått flest nye arbeidsledige sidan juli i fjor.

40 nye menneske står no heilt utan arbeid i kommunen. Arbeidsløysa i Flora er no på 3,7 prosent. Berre Vågsøy og Selje har høgare arbeidsløyse. Bremanger har hatt fått 9 nye arbeidsledige sidan juli 2002. Det positive er at utviklinga i fylket totalt sett har gått ned den siste månaden. 1391 personar står no heilt utan arbeid i Sogn og Fjordane. Det er 240 meir enn på same tid i fjor. Prosenten ledige i fylket er på 2,5 prosent. Det er lågast i landet, som no har 4,1 prosent arbeidsledige.