Fleire vestlendingar vil vere edru i båten

Båtliv på Knutholmen. (Illustrasjonsfoto)

Båtliv på Knutholmen. (Illustrasjonsfoto)

Av
Artikkelen er over 10 år gammel

FLORØ: Haldningane kring sjøliv og alkoholbruk er i betring. Og Sogn og Fjordane og Vestlandet skil seg positivt ut.

DEL

93 prosent av spurde vestlendingar i ei fersk gransking svarar no at ein bør la vere å drikke alkohol dersom ein skal føre ein fritidsbåt. Ifølge organisasjonen Klar for sjøen, er dette ei betring på 13 prosentpoeng frå året før. Saman med møringar og folk i Nord-Norge, skil vestlendingane seg positivt ut i undersøkinga. Flytter du deg over til Austlandet og Oslo-området, meiner berre åtte av ti det same.

Dårleg i Oslo

Men står du ikkje sjølv til rors, er tala annleis. Berre knappe fire av ti vestlendingar meiner du bør droppe drikking dersom du skal vere passasjer i ein båt. For Oslo-området meiner berre 12 prosent det same.

Haldningane er dermed i betring, noko som verkeleg kan trengast, om ein ser på antal drukningsulukker. I fjor omkom 24 nordmenn i fritidsbåt-ulukker, og dessverre var alkolbruk ein medverkande årsak i heile 30 prosent av dødsulukkene.

Undersøkinga viser også at heile 97 prosent meiner ein må vere edru dersom ein har ansvaret for andre som badar i sjøen.

Frå haldning til handling

– Tala er ein solid betring frå i fjor. Sjølv låg promille går ut over konsentrasjonsevna og dømmekrafta, seier Bjørn Amundsen i Redningsselskapet i Hordaland.

Så gjenstår det berre å sjå om dei betra haldningane til kva ein bør gjere, også gir seg utslag i betra handlingsmønster på sjøen.

Artikkeltags