– Eg var ikkje redd eit sekund

    Artikkelen er over 2 år gammel
    DEL

    Irene Hjorthol frå Florø var på veg frå Sykkylven til jobben ved Sentralsjukehuset i Førde i dag tidleg, då ho hamna midt oppi flaumen i Utvik måndag. Ho kom dit såpass tidleg at ho såg flaumen berre blei større og større.

    – Når vi kom inn mot elva som rann gjennom Utvik, såg vi at den hadde byrja renne over vegen. Og like før vi kom til sentrum stod det tre bilar før meg som ikkje kom seg forbi vassmassane, seier Hjorthol.

    Etter ei stund forstod dei at dei ikkje kom seg noko veg. Bygene blei meir og meir valdsame.

    – Berre vi tok ned vindauget litt, vart vi søkk våte. Men ikkje mange kilometrane uti fjorden, der var der ikkje ei sky på himmelen. Etter litt kom der ei dame ut frå eine huset og bad meg om å køyre lenger oppi høgda, til eit byggefelt eit par hundre meter over sentrum, seier Hjorthol.

    På trygg grunn hadde ho utsikt over flaumen.

    – Eg var ikkje redd eit sekund, situasjonen var aldri farleg for meg. Men det låg folk på ei campinghytte som var blitt evakuerte, og ein familie frå Bergen som hadde vore på Skåla hadde vakna i masse vatn, seier Irene.

    Etter nokre timar vart også ho evakuert, som ei av dei siste.

    I dag er ho attende på jobb i Førde, men bilen står framleis att i Utvik.

    Artikkeltags