– Det var nesten som om ringen vart slutta, seier Harald Bortheim, som saman med kona flytta frå Florø til Røst i Lofoten i 2007.

Han er leiar i Røst jeger- og fiskeforening, og var i helga ein av dei som skulle rydde strandsona på nokre øyar.

– Eg og kona mi, Tove Marlen Bortheim, var begge på øya Storfjellet på Røst for å rydde. Det var ho som fann denne flaskeposten, og kom for å vise meg. Då eg las det som stod der, kjende eg at eg er vestlending, seier Bortheim.

For flaskeposten er send frå Bulandet, for noko over eitt år sidan. Det er barn som har teikna, skrive på når og kvar den er «postlagd» og send av garde.

Kjapp oppklaring

– Eg la ut bilde på Facebook, og det tok ikkje mange timane før saka var oppklart. Dei som hadde sendt flaskeposten, var eigentleg frå Dale, men hadde vore på besøk hos besteforeldra i Bulandet. Då syntest eg det vart endå meir spesielt, for bestefaren min kom frå Dale. Dette var nesten som å få ein beskjed heimanfrå, seier Bortheim.

Mor til to av ungane som har sendt flaskepost og tante til den tredje, Christine Nikøy Rogne, seier det heile er ei søt historie.

– Ungane har sendt fleire flaskepostar og har ofte spurt kvifor ingen av dei blir funne. Dette synest dei var veldig moro. Vi var på besøk i Bulandet i helga, og der hadde mange fått det med seg på Facebook, og dei fekk mange kommentarar. Det likte dei godt, seier Nikøy Rogne.

Fem flaskepostar

Øya Storfjellet ligg slik til at to møtande straumar fører mykje i land der.

– Denne dagen fann vi heile fem flaskepostar. Eg beit meg nok mest merke i den frå mine heimtrakter, men det var også andre som var interessante. Mellom anna var det ein flaskepost som eit tysk ektepar som feira sølvbryllaup, hadde sleppt ut, med lovnader til kvarandre, seier Bortheim.

Han veit ikkje heilt kva dei skal gjere med flaksepostane dei har funne.

– Dei vi veit adressa til, kan hende får dei tilbake med ei helsing frå oss. Vi får sjå, seier Bortheim.

Dei har ikkje heilt bestemt seg for kva dei skal gjere endå.

Artig

På Facebook kommenterer mora til to av ungane som sende flaskeposten, at dette var artig. Ho er imponert over at flaskeposten har komme så langt av garde.

Også dei andre som har kommentert dette på Facebook, synest det er ei søt historie, som har gitt mange delingar og likes.

– Vi bur i Dale, og lærarane til dottera mi, Alida, som no er sju, har også fått med seg historia. På måndag snakka dei om flaskepostar og kommunikasjon, brukte dette i undervisninga. Det var veldig kjekt for Alida, seier Christine Nikøy Rogne.

Ho legg til at det var stort for ungane å få respons på flaskeposten. Alida var seks år då flaskeposten vart sendt, og dei to gutane var tre. No er dei sju og fire år gamle, og dei kosar seg med denne historia.

fd.,dkkfkf