Halvor Halvorsen smiler frå øyre til øyre for tida. Lanseringa av av Fjordz-iskremen hans har gått over all forventining, og i Florø er den no faktisk utseld.
Det er no eit drygt år sidan han kontakta kontakta Innovasjon Norge med ideen om å lage is med råvarer frå Vestlandet. Isen hans er laga på mjølk og ikkje fløyte, og bæra er dyrka lokalt.
- Det har vore kjempekjekt å reise rundt i fylket å lansere den, eg har blitt veldig godt motteken. Og at det er tomt i Florø, det er jo ekstra kjekt, seier han blidt, og legg kjapt til at det er venta nye forsyningar i kommande veke.
Men Halvor har langt frå tenkt å kvile på laurbæra - det går ikkje når det er ein heil marknad der ute som ligg vidopen for ein frisk iskrem med færre kaloriar, meir smak - og eit lokalt tilsnitt. Jordbæra han har brukt er frå Gloppen, medan bringebæra er frå Vangsnes i Sogn.
- No held eg som sagt på med lansering her i fylket, og eg har fått avtale med ei butikkjede som skal selje isen på resten av Vestlandet, seier han hemmelegheitsfullt og avslår å seie kva kjede det er snakk om - men han seier det ikkje er Coop-kjeda, som allereie sel isen hans i 62 butikkar rundt om i landet.
- Eg har også byrja med å jobbe mot austlandsmarknaden med tanke på å komme inn der i løpet av hausten. Det skal vere mogleg å få til, meiner han, men aller først:
- No må det produserast meir is. Men eg har hatt verre problem her i verda, det er berre gøy å ha slike utfordringar!