Tiltalt for vald mot eks-kjærasten

Artikkelen er over 3 år gammel

Ein sunnfjording er tiltalt for å ha mishandla sin tidlegare kjærast ved fleire høve.

DEL

Det kjem fram av vedtaket om tiltale frå Statsadvokatane i Møre og Romsdal og Sogn og Fjordane.

Ifølge tiltalen skal den tiltalte mannen ved eitt konkret høve ha sparka og slått eks-kjærasten sin fleire gonger i hovudet, i halsen, skuldrer, bryst og mage. På grunn av valden skal ho ha fått sterke smerter i kroppen og sårskadar over eit auge og på hornhinna. I tiltaleavgjerda frå statsadvokatane står det at valden skjedde uprovosert og bar preg av mishandling.

Ifølge tiltalen skal mannen samstundes ha uttalt at han skulle «knuse trynet hennar» og drepe ho. Ifølge straffelova kan desse alvorlege trugsmåla åleine medføre høgare straff enn 6 månaders fengsel.

I politiavhøyr same dag som valdshandlinga forklarte han også at kvinna hadde brukt kniv mot han. Politiet festar inga lit til forklaringa hans, og meiner at dette er knivskadar han har påført seg sjølv.

Ved to andre høve skal han også ha slått kvinna, slik at ho fekk blåmerke og sår.

Etter at kvinna melde saka til politiet, skal han også ifølge tiltaleavgjerda ha sagt til kvinna at «han skulle spore ho opp og straffe ho og ta henne dersom ho ikkje trakk tilbake politimeldinga.

Mannen er ikkje dømd for det han er tiltalt for. Saka skal etter planen handsamast i Fjordane tingrett. 25. oktober, men ifølgje vakthavande politijurist ved Sogn og Fjordane politidistrikt kan den bli utsett.

Artikkeltags