Årsmeldinga frå Sogn tingrett og Fjordane tingrett viser at 2015 har vore eit travlare år for rettsvesenet i fylket enn 2014. Det skriv Firda.

Størst er endringa innan ordinære straffesaker (meddomssaker) ved Fjordane tingrett. Frå å handsame 112 slike saker i 2014 har Fjordane tingrett i 2015 handsama 170 slike saker, ein auke på heile 52 prosent.

Under landsgjennomsnittet

Trass i auken tyder statistikken på at folk i Sogn og Fjordane gjev rettsvesenet mindre å henge fingrane i enn landssnittet, for både Fjordane og Sogn tingrett har hatt færre saker til handsaming enn det folketalet skulle tilseie, går det fram av årsmeldinga.

I snitt må rettsvesenet i Norge ta stilling til 2,85 ordinære straffesaker per 1000 innbyggar. For Fjordane tingrett, som rår over 17 av dei 26 kommunane i fylket, er det tilsvarande talet 2,16, og for Sogn tingrett, med sine åtte kommunar, er det berre 1,75 ordinære straffesaker per 1000 innbyggar.

Forklaringa på auken i ordinære straffesaker er ifølgje årsmeldinga at 2014 var eit unntak i positiv forstand, langt under gjennomsnittet i tal straffesaker, sett opp imot dei siste åra. For å finne eit like roleg år må vi tilbake til 2008, viser oversikta, som strekk seg til 2007.

Over snittet på foreldretvistar

Sett opp mot folketalet er det både færre straffesaker og færre sivile tvistesaker ved Sogn tingrett og Fjordane tingrett enn i landet elles.Det området som skil seg ut er saker etter barnelova, med andre ord foreldretvistar.

Landssnittet for foreldretvistsakene var i 2015 på 0,51 saker pr. 1 000 byggarar. Fjordane tingrett låg her like over landssnittet med 0,58 saker, medan Sogn tingrett låg like under landssnittet med 0,46 saker pr. 1 000 innbyggarar, melder tingretten.