Gå til sidens hovedinnhold

Fjord-emisjon i boks

Artikkelen er over 19 år gammel
I løpet av ein halvtime hamra generalforsamlinga i Fjord Seafood måndag gjennom vedtaket om ei kapitalutviding til kring 526 millioner kroner. De kritiske røystene var fråverande.
Med dette grepet skal Fjord Seafood greie å sikre lønsam drift i åra som kjem. Ein måtte fylle opp kassa med friske kroner. Aksjekursen ved nyteikninga vart berre ein tredel av det den var dersom Cermaq-fusjonen gikk i boks.
– I tillegg skal vi i juli gjennomføre ein ny retta emisjon mot noverande eigarar, og skal styrke oss endå meir i desember, sa konserndirektør Paul Birger Torgnes til ANB.
– Allereie no har vi den likviditeten som skal til for å sikre drift på lønnsame vilkår, og evne til å drive framtidsretta produktutvikling, slo han fast. Fjord Seafood sit igjen som eig av heile Pieters, etter å ha betalt 130 millionar kroner i Fjord-aksjer, 220 millioner kroner i kontantar og overdrege selskapet Enghav til Domstein for 125 millionar kroner.