– Igland og Nødseth er to bautaer i industrihistoria i fylket

SAMSTEMDE: FIN-leiar Gustav Johan Nydal og ordførar Ola Teigen

SAMSTEMDE: FIN-leiar Gustav Johan Nydal og ordførar Ola Teigen Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

FLORØ: Både næringslivet og ordføraren hyllar dei to avtroppande INC-gründerane.

DEL

Tysdag blei dei tilsette i INC-systemet varsla om at Per Nødseth (70) og Oddgeir Igland (68) ønskjer å finne nye eigarkonstellasjonar for selskapa Fjordbase AS og Saga Fjordbase AS. Dei to har vore avgjerande for utviklinga av Fjord Base. No vil dei overlate stafettpinnen til yngre krefter.

– Industribautaer

– Det er ei nyheit som eg har blanda kjensler knytt til: Dette er to bautaer i industrihistoria i fylket som no signaliserer at dei skal trappe ned. Per og Oddgeir har skapt massevis av arbeidsplassar og inntekter til kommunen, og har sidan oppstarten vore tydelege på at dei skulle satse lokalt. Så at dei no signaliserer at dei trappar ned, er ingen god nyheit – men samstundes ingen uventa nyheit, seier ordførar Ola Teigen.

Han strekar også under kor viktig det har vore med lokalt eigarskap; at dei to gründerane har vore målretta i deira fokus på å skape arbeidsplassar.

– Og så er det gledeleg at neste generasjon ser ut til å stige inn i selskapet, seier Teigen og viser til at Anders Nødseth, som i dag er dagleg leiar i NBN Elektro AS og Bjørn Inge Igland, dagleg leiar i WIS VVS og Kinn Marina AS no er i styret i INC Invest og Fjordbase AS.

– Dette signaliserer at dei ønsker å ha ein sterk, lokal forankring og at dei ønsker å vere med på å utvikle fleire lokale arbeidsplassar også framover. Det trur eg, for det har vore profilen til Per og Oddgeir i mange år, seier Teigen.

– Viktige for Florø

– Oddgeir Igland og Per Nødseth har vore svært viktige for utviklinga av næringslivet i Florø, seier leiar Gustav Johan Nydal i Flora Industri- og næringsforening til Firdaposten.

Han viser til korleis dei to gründerane i bortimot 40 år har kjempa for å få oljebasen i Florø til å bløme.

– Dei er eigentleg slike gründerar som vi skulle hatt fleire av her i Florø. Det var vel fylket og kommunen som opphavleg tok initiativet til å opprette ein oljebase, men vel så viktig er det at to lokale eigarar tok tak i dette initiativet og var med på å utvikle basen. At den har vore i lokale hender er også viktig; dei har heilt klart hatt eit ønske om å utvikle lokalsamfunnet. Så eg vil rette ei stor takk til dei, strekar Nydal under.

Artikkeltags