Om seks år skal alle ferjer gå på straum

DEN GONG DÅ: Det såg ganske futuristisk ut då dei første skissene av el-ferja "Ampere" blei presentert for seks-sju år sidan. No er elektriske ferjer i ferd med å bli standarden, heller enn unntaket.

DEN GONG DÅ: Det såg ganske futuristisk ut då dei første skissene av el-ferja "Ampere" blei presentert for seks-sju år sidan. No er elektriske ferjer i ferd med å bli standarden, heller enn unntaket.

Av

FLORØ: Regjeringa har spenstige miljømål for ferjedrifta, og Fjord 1 tek utfordringa.

DEL

Statssekretær i Klima- og miljødepartementet, Atle Hamar, rosar Fjord 1 for posisjonen dei har teke i front for det grøne skiftet i sjøtransporten. Til NRK Sogn og Fjordane seier Hamar at regjeringa sitt mål er å gjere all ferjedrift elektrisk innan 2025.

Lukkast dei med det, vil det kun ha gått ti år frå den første el-ferja "Ampere" blei sett i drift på Lavik-Oppedal, til samtlege tradisjonelle ferjer er skifta ut og erstatta med elektriske ferjer.

– Om få år skal halvparten av dei 65 Fjord1-ferjene vera heilelektriske, lovar driftsdirektør i Fjord 1, André Høyset.

Solbergregjeringa legg før påske fram ein ny plan for grøn skipsfart, der også ferjer og skyssbåtar blir omtala. Hamar slår på si side fast at han meiner målet om full elektrifisering innan 2025 er realistisk å få til.

Artikkeltags