Fjord1 omsette for 825 millionar i tredje kvartal

RESULTAT: Fjord1 la tysdag fram resultatet for 3. kvartal. Bildet er teke i ein annan samanheng.

RESULTAT: Fjord1 la tysdag fram resultatet for 3. kvartal. Bildet er teke i ein annan samanheng. Foto:

Av

NÆRINGSLIV: Resultatet enda på 249,6 millionar før skatt.

DEL

Det melder selskapet i ei pressemelding tysdag skriv Firda.

– Resultatat våre strekar under at vi er leiiande innan det grøne skiftet. Gjennom den høge aktiviteten som vi har lagt bak oss over ein lang periode, er vi også begynt å hauste verdifulle erfaringar som vi tek med oss i det vidare arbeidet, seier administerande direktør Dagfinn Neteland i ei pressemelding.

Totalt omsette Fjord1 for 825 millionar kroner i tredje kvartal.

For to veker sidan vart ferjeselskapet tildelt ei ny anbodskontrakt frå Møre og Romsdal fylkeskommune. Kontrakta gjeld «Romsdalspakken» som omfattar drift av fire samband i ein periode på 14 år. Verdien på kontrakta er på om lag to milliardar kroner.

I tredje kvartal har selskapet også opna den første landbaserte Ferdamat-kafeen i selskapet si historie og gjennomførte dåp for nye elektriske fartøy. I oktober leverte dei også inn tilbod for hydrogenferje-anbod.

– Trass i eit sterkt kvartalsresultat er vi fokuserte på det som skjer framover, som inneber mellom anna fleire anbodsprosessar og overtaking av nye miljøvennlege fartøy, seier Neteland.

Artikkeltags