Skal bygge tre nye el-ferjer for Fjord1

Dei tre nye el-ferjene til Fjord1

Dei tre nye el-ferjene til Fjord1 Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Arbeidet med ferjene startar umiddelbart, og den første ferja skal leverast i midten av mai 2018.

DEL

Sogn og Fjordane styrker posisjonen som eit nasjonalt maritimt tyngdepunkt når Fjord1 bestiller tre elektriske ferjer med design frå Sunnfjord og bygging på verft ved Sognefjorden. Det skriv Fjord1 i ei pressemelding.

Klare i 2018

Når Noregs største ferjereiarlag med hovudsete i Florø bestiller tre nye elektriske ferjer, treng dei ikkje reise langt for å finne leiande aktørar innan sine felt. Ferjene har design frå Multi Maritime i Førde og blir bygd ved Havyard Ship Technology i Leirvik i Hyllestad kommune.

Dei to siste skal vere klare mot slutten av 2018. Skrogbygginga blir sett vekk, og det første skroget vil vere klart for utrustning i Leirvik mot slutten av 2017. Kontrakten har ein total verdi på rett under ein halv milliard kroner.

Lars Conradi Andersen, salsdirektør

Lars Conradi Andersen, salsdirektør Foto:

– Det er svært gledeleg at Fjord1 har valt Havyard Ship Technology til dette oppdraget. Kontrakten viser at vi er konkurransedyktige i særs sterk konkurranse med både norske og utanlandske verft. Vi håper og trur at dette berre er starten på eit langt og godt forhold til Fjord1, seier salsdirektør ved Havyard Ship Technology, Lars Conradi Andersen.

El-ferjene

  • Skal inn på sambandet Brekstad-Valset
  • Tekniske data: 62 FD EL
  • Klasse: DNVGL
  • Lengde: 66,40 meter
  • Breidde: 14,20 meter
  • Batterikapasitet: ca 1 MW
  • Lastekapasitet: 50 personbileiningar (PBE), 6 vogntogeiningar (VTE)
  • Passasjertal: 195
  • Batteri: Batteria vil bli lada opp kvar gong ferjene legg til kai, med straum frå automatiserte ladestasjonar på ferjekaiene.
  • Energiforbruk: Skrogform, propellanlegg, varme- og ventilasjonsanlegg med meir, er optimalisert for lågast mogleg energiforbruk. Med det automatiske fortøyingssystemet kan ein halde ferja inntil kaiene utan bruk av propellkraft.

Omstilling

For Havyard er kontraktene viktige, og viser at grepa som er gjort for å omstille verftet ber frukter. Dei siste åra har verftet gått inn i ei rekke nye segment som fisk, fornybar energi og no transport.

– For oss betyr desse kontraktene mykje då det sikrar god sysselsetting i 2018. Vår dyktige arbeidsstokk har vist stor evne til omstilling, og det er ekstra gledeleg å kunne sleppe denne nyheita rett før jul. Marknaden er i betring, og vi håper å kunne sleppe fleire positive nyheiter i tida framover, sier Conradi Andersen.

Grønt i Fjord1

Fjord1 held fram med å setje standarden i det grøne skiftet i ferjenæringa. Fram til 2020 skal Fjord1 setje i gang drift i ni samband der miljøvenleg teknologi er viktig. To av ferjene som skal byggjast ved Havyard Ship Technology skal inn på Brekstad-Valset, der Fjord1 tar over som operatør i 2019, medan ei ferje skal gå mellom Husavik og Sandvikvåg i Hordaland.

– Vi er særs godt nøgde med å inngå eit samarbeid med eit norsk verft som er konkurransedyktige på innovasjon, kvalitet og pris. Det er spesielt hyggjeleg at verftet har tilhald i Sogn og Fjordane. Kontrakten viser at vi vil vere fleire aktørar i fylket som speler ei verdsleiande rolle i det grøne skiftet i maritim næring, seier André Høyset, konstituert administrerande direktør i Fjord1.

Artikkeltags