No ber nabofylket om at Fjord1-handelen blir stogga

Lote

Lote Foto:

Av
Artikkelen er over 3 år gammel

– Ikkje godkjenn salet til Torghatten, skriv fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

DEL

Medan fylkesordførar Jenny Følling (Sp) og fleirtalet i fylkestinget i Sogn og Fjordane legg si politiske tyngde og prestisje i arbeidet for å få Fjord1-handelen med Torghatten i hamn,  entrar fylkesordførar Jon Aasen (Ap) og fylkesutvalet i Møre og Romsdal arenaen, som motstandarar i den omstridde ferjesaka. Det skriv Firda.

Fylkesutvalet i nabofylket har no sendt brev til Konkurransetilsynet, der dei ber tilsynet seie nei til samanslutninga mellom landets to største ferjereiarlag. Møre og Romsdal eigde i si tid den aksjeposten på 41 prosent som sunnmørsreiaren og industrimannen Per Sævik overtok, då han gjekk inn som medeigar gjennom selskapet Havilafjord.

Innspelet vart gitt i eit møte 24. mai. Der seier fylkesutvalet i Møre og Romsdal i klartekst at dei stør Vegdirektoratets syn, og ber Konkurransetilsynet ikkje godkjenne Sogn og Fjordane fylkeskommunes sal av Fjord1-aksjar til Torghatten.

Vurderer forbod

Konkurransetilsynet hadde fire dagar før sendt ut sitt andre varsel, og der tilsynet seier at dei vurderer å forby foretakssamanslutninga. Dette varselet kom etter at Torghatten hadde spelt inn framlegg til avhjelpande tiltak som skulle dempe dei effektane Konkurransetilsynet peikar på: At konkurransen i ferjemarknaden blir mindre, og at billettprisane blir høgare og tenestene dårlegare.

Fylkesordførar Jenny Følling (Sp) tok den gong tilsynets varsel om nei med knusande ro, og sa at dette var som venta. Fleirtalet i fylkestinget har rekna med at aksjesalet kanskje ville møte motstand hos Konkurransetilsynet, men gå i orden når avhjelpande tiltak vart sette inn.

Dei tiltaka Torghatten så langt har føreslege, har blitt fullstendig avviste hos Konkurransetilsynet. Fristen for å kome med nye innspel går ut fredag. Tysdag hadde tilsynet enno ikkje fått inn nye framlegg til tiltak frå partane.

Få som det er

Samstundes er altså Sogn og Fjordanes nabo i nord på banen, og ser ut til å forsterke ein skepsis Møre og Romsdal målbar allereie 19. februar. Fylkesutvalet i Møre og Romsdal meiner ferjemarknaden har få nok aktørar som det er, med berre fire aktive reiarlag i dei fleste konkurransar, og ønskjer ikkje at dei to største reiarlaga skal slå seg saman.

– Sjølv om det er fleire reiarlag i eit konsern, veit vi av erfaring at desse ikkje konkurrerer med kvarandre, skriv fylkesutvalet. Dei argumenterer også med at reiarlaga så langt i liten grad har delteke i anbodskonkurransar utanom heimemarknaden sin, sjølv om det ikkje er noko juridisk eller organisatorisk hinder for dette.

– Sjølv om ikkje Torghatten får full kontroll av Fjord1-konsernet, vil tettare knyting mellom selskapa vere eit hinder for konkurranse, meiner fylkesutvalet i Møre og Romsdal.

Artikkeltags