Fjord1 inngår samarbeid med ZERO

Artikkelen er over 1 år gammel
DEL

Fjord1 og ZERO har inngått ein treårig samarbeidsavtale om å jobbe for å skape gode rammevilkår for utsleppsfri maritim transport, og slik bidra til grøne skiftet i maritim sektor. Fjord1 blir ein viktig alliert med ZERO i dette arbeidet.

– Fjord1 er ein leiande aktør innan det grøne skiftet i ferjenæringa, og vi tek klima- og miljøkrav på største alvor. I nye anbodskontrakter vert det stadig stilt tøffare krav til reduksjon av utslepp og Fjord1 ønskjer desse krava velkommen. ZERO sin posisjon i klimasaker skal vere ein spydspiss, og såleis har det vore naturleg for oss å innleie eit samarbeid med dei, fortel sikkerheit- og maritim teknisk direktør i Fjord1, Deon Mortensen.

Dagleg leiar i ZERO, Marius Holm er glad for å inngå samarbeid med ein aktør som tek ansvar for utvikling av ny teknologi og utsleppsfrie løysingar.

– Vi er svært glade for avtalen med Fjord1- eit selskap som går føre i det grøne skiftet i skipsfarten. Dei viser vilje til å ta i bruk utsleppsfri teknologi, og utfordrar politikarane til å sette strengare krav til næringa. Det trengs, for skal vi klare å kutte store utslepp frå maritim sektor må land som Norge ta eit ansvar for utvikling av ny teknologi og utsleppsfrie løysingar, seier dagleg leiar i ZERO, Marius Holm.

Hovudområda for samarbeidet er å sikre gode miljøkrav i kommande ferje- og hurtigbåtanbod, realisere gode rammevilkår for utsleppsfrie maritime løysingar, samt jobbe for utbygging og utvikling av ladeinfrastruktur på norske kaiar.

Zero er ei uavhengig ideell miljøstifting som arbeider med å drive fram nullutsleppsløysingar og forhindre investeringar i løysingar som gir utslepp.

Artikkeltags