Fjord1 får nasjonal opplæringspris

Lærling Steffen Brandsøy og HR-rådgjevar Frode Kjelkenes.

Lærling Steffen Brandsøy og HR-rådgjevar Frode Kjelkenes. Foto:

Artikkelen er over 2 år gammel

Onsdag føremiddag tildelte næringsminister Monica Mæland prisen for årets maritime lærebedrift til Fjord1.

DEL

Prisen får Fjord1 fordi dei tek eit omfattande ansvar når dei kvart år dei siste åra har teke inn eit stort tal lærlingar i selskapet, fleire enn det dei eigentleg treng. I løpet av 2016 var det totalt 84 som hadde lærekontrakt heile eller delar av året. I snitt har selskapet kring 60 lærlingar til kvar ein tid. 12 av dei er frå Sogn og Fjordane, tre av desse igjen er frå Flora. I tillegg til dette kjem 40 kadettar som treng fartstid for å få fullført skipper- eller maskinistutdanninga.

Og til sommaren skal Fjord1 ut i marknaden for å finne 30 nye lærlingar, når eit tilsvarande tal lærlingar går ut med fagbrev.

Skal bli maskinist

Ein av dei 60 lærlingane som no i sommar kjem til å avslutte sine to år som lærling i Fjord1 er Steffen Brandsøy (19) frå Florø. Han har vore motormannlærling om bord på MF «Raunefjord» som går ruta Halhjem-Sandvikvåg.

– Det har vore veldig interessant å vere om bord på Raunefjord, eg har fått god opplæring, seier nittenåringen. Planen var eigentleg å bli styrmann, men etter ein periode på skuleskipet «Gann» fatta han interesse for maskinistfaget. Etter at han har fagbrevet i handa, er difor målet å ta fagskulen for å bli maskinist.

– Maskinistfaget passar meg bra: Det er meir praktisk, og alltid noko nytt å lære. Ingen dagar er like, og det er mykje å henge fingrane i. Spesielt om bord på ei ferje, sidan den er i drift nesten heile døgeret, seier han og legg til at han ikkje ser bort frå å jobbe på ferje i framtida.

– Eg var litt usikker i byrjinga om det å jobbe på ferje var noko for meg. Men eg stortrivest med det, seier han.

Satsingsfelt i Fjord1

Monica Mæland og Cicilie Færestrand.

Monica Mæland og Cicilie Færestrand. Foto:

Det er Stiftelsen Norsk Maritim Kompetanse som står bak prisen som næringsministeren delte ut onsdag. HR-leiar Cicilie Færestrand tok imot prisen på vegner av Fjord1 under Haugesundkonferansen.

– Opplæring av framtidas maritime personell er noko Fjord1 prioriterer. Vi har eit langsiktig perspektiv på denne satsinga, seier Færestrand.

HR-rådgjevar Frode Kjelkenes i Fjord1, som saman med Færestrand har det overordna ansvaret for opplæring, oppfølging og tilsetting av nye lærlingar, utdjupar:

– Vi er stolte over å ha så mange lærlingar som vi har. Dette er noko vi har bygd opp over tid. I år 2000 var det fem til seks lærlingar i Fylkesbaatane, og i MRF var det om lag like mange. No har Fjord1 passert 60 lærlingar. I løpet av to år har kvar av desse blitt ein ressurs for selskapet, seier han.

Stor rift om stillingane

I det daglege er det dei opplæringsansvarlege på kvart fartøy og opplæringskontora OMF i Ålesund og Maritimt opplæringskontor i Haugesund som står for dag-til-dag-oppfølginga av lærlingane.

– Dei flinke opplæringsansvarlege vi har og det gode samarbeidet med opplæringskontora, gjer at det er mogleg for oss å ta inn så mange som vi gjer, seier Frode Kjelkenes.

Men han kan ikkje love alle lærlingane fast arbeidsplass i Fjord1-systemet.

– Dei fleste lærlingane vi har, går ut med ein plan om å vidareutdanne seg på ein fagskule, andre skal i militæret. Nokre få av lærlingane våre går direkte inn i matrosstillingar, men for dei som er motormannlærlingar er det få jobbar ledige. Dei fleste utdannar seg difor til maskinistar. Det er i tillegg stor søknad på stillingane vi legg ut, så det er ingen garanti at lærlingane får jobb, legg Kjelkenes til.

Artikkeltags