Fjord 1 er eit steg nærmare det presisjetunge oppdraget om å levere innovativ og miljøvenleg ferjetransport, melder Statens vegvesen.

Ifølgje Sunnmørsposten  er det reiarlaga Norled og Boreal som er konkurrentane om oppdraget. Om Fjord1 vinn tevlinga, skal verdas første hydrogen-elektriske ferje setjast i drift på sambandet Hjelmeland-Skipavik-Nesvik i Rogaland hausten 2021.

 

Alle tre reiarlaga blei kvalifisert for kontrakten i fjor, og no ber altså Vegvesenet alle tre om å levere tilbod, og ein av dei tekniske spesifikasjonane er at ferja skal ha minst 50 prosent hydrogendrift. Resten skal vere elektrisitet.