Fjord1-saka blir ikkje anka

Av og
Artikkelen er over 3 år gammel

Fylkesutvalet har bestemt seg for ikkje å anke konkurransetilsynets forbod mot salet av Fjord1 til Torghatten.

DEL

Vedtaket vart gjort samrøystes, skriv Firda. Heller ikkje Torghatten kjem til å anke konkurransetilsynets avgjerd.

«Fylkesutvalet i Sogn og Fjordane har i dag, etter ei heilskapsvurdering, vedteke å ta tilsynet sitt vedtak til vitande og ikkje påklage dette», skriv Sogn og Fjordane fylkeskommune i ei pressemelding om vedtaket. Vedtaket inneber at den transaksjonen fylkeskommunen gjorde vedtak om er avslutta.

– No blir det arbeidd med andre løysingar, seier fylkesordførar Jenny Følling (Sp) til Firda utan å utdjupe.

Bjørn Hollevik, som representerer Høgre i fylkesutvalet, vil heller ikkje utdjupe kva løysingar det er snakk om, overfor Firdaposten. Han var ein av to i Høgre-gruppa som var imot salet av Fjord1 til Torghatten.

– Det dette vedtaket i dag viser er at vi er eit viktig steg nærare å gjenskape tilliten folk skal ha til politikarane sine, seier han og strekar under:

– Dette er ikkje tida til å hovere over vedtak som er fatta, eg er glad vi greidde samle oss om dette vedtaket. No må vi sjå framover. Og eg håper vi i fortsetjinga kan halde fram med å vere omforeinte og ikkje splitta i våre vedtak, seier han.

Artikkeltags