Fjord1-vedtaket er gyldig

Jenny Følling

Jenny Følling Foto:

Artikkelen er over 3 år gammel
DEL

Salet av Fjord1-aksjer til Torghatten ASA er ikkje lovstridig, har Kommunal- og moderniseringsdepartementet avgjort. Dermed blir vedtaket i fylkestinget godkjent, skriv Bergens Tidende torsdag.

«I departementet si vurdering er det særleg lagt vekt den omfattande saksutgreiinga, korleis møte 23. november 2015 blei gjennomført og dei kompenserande åtgjerder som blei sette i verk for å opplyse fylkestinget. Departementet har på bakgrunn av vurderingane ovanfor, konkludert med at sakshandsaminga samla sett ikkje kan reknast som tilstrekkeleg mangelfull til at avgjerda har kome til på ein ulovleg måte, jf. kommunelova § 59 nr. 4 bokstav c. Fylkestinget si avgjerd i sak 46/15 må difor reknast som gyldig.», heiter det i saksdokumentet frå departementet.

Departementet legg heller ikkje vekt på at mindretalet i fylkestinget klaga på at dei ikkje hadde fått lang nok tid til å setje seg inn i saka.

«Etter departementet sitt syn må det meir til enn at eit mindretall stemte for ei utsetjing av saka, for at sakshandsaminga i møtet 23. november kan reknas som uforsvarleg. At nokre medlemmer var usikre eller ynskte meir tid, er ikkje det same som at saka ikkje var forsvarleg greidd ut og at saksførebuinga var ulovleg.», skriv departementet.

Fylkesordfører Jenny Følling (Sp), seier til BT at ho er glad, men ikkje overraska over vedtaket:

- Dette var en viktig milepæl. Salget er nå godkjent, og de som hadde kritikk mot prosessen har ikke vunnet frem. Det var ikke overraskende, men jeg er glad for det kjappe svaret fra departementet, og at vi nå kan gå videre, seier Følling.

Saka skal no vidare til Konkurransetilsynet. Dei har 130 dagar på seg til å handsame saka.

Artikkeltags