Landets mest moderne ferjesamband

PÅ PLASS: MF Gloppefjord vart onsdag sett i drift på Anda – Lote.

PÅ PLASS: MF Gloppefjord vart onsdag sett i drift på Anda – Lote. Foto:

Artikkelen er over 1 år gammel

POLITIKK: Nullutsleppferja «Gloppefjord» vart onsdag sett inn i ordinær drift på sambandet Lote–Anda. – Dette er ein merkedag, seier Fjord1s administrerande direktør, Dagfinn Neteland.

DEL

Søsterferja «Eidsfjord» har lege vêrfast på Kontinentet, undervegs frå verftet i Tyrkia. Men når også den om ikkje lenge er framme i Nordfjord og blir sett i drift, vil Lote–Anda vere landets mest moderne ferjesamband.

– Det trur eg ikkje det kan vere tvil om, seier Fjord1-sjefen til Firda.

Onsdag vart elferjeoppstarten markert med omvisning og sveleservering på nyeferja. Sjølve den høgtidelege skipsdåpen vil først skje litt ut i februar, når også «Eidsfjord» er på plass.

Utsleppsfrie

Dei nye ferjene er begge heilelektriske, men har biodieselmaskin som backup, dersom det skulle bli problem med den elektriske framdrifta. Kvar av ferjene er 106 meter lang, og har kapasitet til 120 personbileiningar, tolv vogntogeiningar og 349 passasjerar. Kapasiteten blir dobla frå det tilbodet ein har hatt på denne ferjestrekninga, og frekvensen blir auka. På vekedagane kjem ferjene til å gå kvar 20. minutt – til glede for pendlarar og andre reisande som lenge har irritert seg over kvaliteten på tilbod og materiell på dette stamvegsambandet, og til glede for ordførarar som har kjempa for å få heva standarden.

– No kan folk hive rutetabellen når dei skal med dette sambandet. Vi håpar og trur at dette nye og forbetra tilbodet vil gi sambandet eit løft og ein trafikkauke, seier Neteland.

Både han og driftsdirektør Andrè Høyset føler oppstarten med det nye materiellet blir ein endå større dag enn Fjord1-leiinga trudde då selskapet vann anbodet for Lote–Anda.

– No har vi snart 20 elferjer under bygging, og elektrifiseringa av andre samband står i kø. Eg trur ikkje det vil gå så mange år før halvparten av alle ferjesambanda i landet er elektrifiserte. Då snakkar vi om ein ny tidsalder, seier Neteland.

Kriblar litt i magen

– Ein spennande dag?

– Det kriblar litt i magen på oss, men det er slik det skal vere når vi går i gang med noko som er heilt nytt. «Ampére» var ein viktig del av teknologien då den i si tid vart sett inn på Lavik–Oppedal, men dette er det første skikkelege nullutsleppsambandet i landet.

– Men vi kan vel vente innkøyringstrøbbel og barnesjukdomar?

– Det vil alltid vere noko i starten, uansett om ferja går på diesel eller har anna framdrift. Men vi har prøvd ferja ein del, og ting verkar bra. Ho skal likevel kunne gå heile tida, sidan dette er ei hybridferje.

– Moro å vere Fjord1-sjef for tida?

– Det er litt hektisk, men veldig spennande og interessant. Fjord1 går bra, vi tener pengar, og vi får til nyskaping. Det gir ein giv i heile organisasjonen, seier Dagfinn Neteland.

Artikkeltags